Rindal kirke altertavle

Når Lasarus ligg ved porten vår

Fattige folk har det alltid vore. Det kan endå til vera at me er ganske så fattige på eitkvart, me òg. No kan du lese preika og sjå bilde av dei tre dåpsfølgja i Rindalskyrkja 18.oktober her.

Preika i Rindalskyrkja 21.s.e.pinse 2015 
over teksta frå Lukas 16, 19-31.

Me har høyrt om ein kar som Jesus kallar for Lasarus. Han er så fattig at han ikkje har råd til å kjøpe seg mat. Lasarus er endå til så fattig at han ikkje har råd til å gå til dokter. Tenke seg til korleis han har det: Lasarus har sår på kroppen. Og i staden for å koma seg til dokter og få rensa såra sine med Pyrisept og så få på bandasje, så er det hundane som tek seg av Lasarus. Dei sleikre såra hans. 

Eg veit ikkje kvifor. Det kan vera dei gjer det fordi Lasarus ikkje har krefter til å jaga hundane bort?

Lasarus har det frykteleg vondt den siste tida han lever. Det kan vera han døyr der på bakken, utanfor porten til rikmannen som har alt folk kan eige av fine klede og god mat. 

Så skjer det noko rart: Det kjem englar og bèr Lasarus med seg slik at han får sitja på fanget til Abraham. Tenke seg til – det skulle vore litt av eit syn å sjå englane tek med seg Lasarus. 

Og så døyr rikmannen også og han blir gravlagt. Og så oppdagar kaksen at han er så langt ifrå himmelriket som han kan koma. Det var ikkje noko særleg kjekt.

Eg har lese om fleire som meiner at poenget med denne forteljinga Jesus serverer eigentleg ikkje handlar om dei rikes ansvar for å dele. For min del blir det lite logisk. 

Det er mesta så eg må sitere ein av mine kjære professorar frå teolgistudiet: Me har baken bak uansett korleis me snur oss!

Eg syns det er vanskeleg å lesa og leva meg inn i denne stubben lignelse, lagt i Jesu munn, utan å oppleva eit snev av dårleg samvittigheit for alt eg har og alt eg kjøper til meg sjølv og alt eg trur eg treng for å ha det bra og ...

Lista kunne bli lang. Rettare sagt alvorleg lang. Me kan ikkje bedrive tekstanalyse utan å oppdage at baken sit bakerst fortsatt. Me kan ikkje lesa oss ut av ansvaret me har fått – det ansvaret som gjeld oss alle og kvar og ein av oss.

Kor lenge skal me samle oss endå meir av alle ting, all luksus, alle forurensande turar utan å sjå ansvaret i kvitauga? 

Den rike mannen spurte fint om ikkje Lasarus kunne sendast tilbake til jorda for å advare. Nei, seier Abraham. Det går ikkje an. Fordi det er ein avgrunn mellom der og her. 

Og så legg Jesus inn noko me verkeleg må ta til oss og leggja oss på sinne: Høyrer dei – underforstått dei fem brørne til rikmannen – ikkje på Moses og profetane, så vil dei heller ikkje la seg overbevise om nokon står opp frå dei døde.

Dette er ord til å ta på det høgste alvor for vår del òg. Høyrer me på Moses og profetane, altså dei heilage skriftene frå gamalt av? Det er bra mykje sosialetikk der, berre så det er sagt. 

Jesus legg også inn ei gåte i det han seier: Han pratar høgst hypotetisk og fantasifullt om at døde skal kunne stå opp frå grava. 

For oss som kjenner historia om Jesus og kan sjå den med ettertidas fasit i minne, er det gjerne innlysande nok: Ja, det går an å stå opp att ifrå døden. Han Jesus fekk jo til det sjølv!

Så blir konklusjonen i det som er å seia eit både-og: 
Me rike – eller var me over-rike?! må sjå ansvaret vårt i møte med nauden i verda. Den fattige som bankar på døra vår har det same menneskeverdet som oss.

Dinest må me sjå posisjonen vår overfor han som fortel denne lignelsen: 
Lasarus er oss. Det er me som treng nokon til å lappe oss i hop, det er me som er fattige, det er me som treng hjelp.

Så vil det gjerne syne seg at det var noko i dette om dei dødes oppstandelse likevel.

Lukas 16, 19-31:
19 Det var en rik mann som kledde seg i purpur og fineste lin og levde i fest og luksus dag etter dag. 20 Men utenfor porten hans lå det en fattig mann som het Lasarus, full av verkende sår. 21 Han ønsket bare å få mette seg med det som falt fra den rikes bord. Hundene kom til og med og slikket sårene hans.    22 Så døde den fattige, og englene bar ham til Abrahams fang. Den rike døde også og ble begravet. 23 Da han slo øynene opp i dødsriket, der han var i pine, så han Abraham langt borte og Lasarus tett inntil ham. 24 ‘Far Abraham’, ropte han, ‘ha barmhjertighet med meg og send Lasarus hit, så han kan dyppe fingertuppen i vann og svale tungen min. For jeg pines i denne flammen.’ 25 Men Abraham svarte: ‘Husk, mitt barn, at du fikk alt det gode mens du levde, og Lasarus fikk det vonde. Nå trøstes han her, mens du er i pine. 26 Dessuten er det lagt en dyp kløft mellom oss og dere, slik at de som vil komme herfra og over til dere, ikke skal kunne det, og ingen kan gå over fra dere til oss.’ 27 Da sa den rike: ‘Så ber jeg deg, far, at du sender ham 28 til mine fem brødre hjemme hos min far for å advare dem, så ikke de også skal komme til dette pinestedet.’ 29 Men Abraham sa: ‘De har Moses og profetene, de får høre på dem.’ 30 Han svarte: ‘Nei, far Abraham, men kommer det noen til dem fra de døde, vil de omvende seg.’ 31 Abraham sa: ‘Hører de ikke på Moses og profetene, lar de seg heller ikke overbevise om noen står opp fra de døde. Luk.16, 19-31.

 

Ada Hyldbakk Solvik med foreldre og faddere_690x457.jpg
Ada Hyldbakk Solvik med foreldre og faddere.

Alfred Helgetun med foreldre og faddere_690x457.jpg
Alfred Helgetun med foreldre og faddere.

Irja Sæter med foreldre og faddere_690x457.jpg
Irja Sæter med foreldre og faddere.