
Næringslivsprisen til Henning Sommerro
Surnadal Sparebanks næringslivspris, som kvart år blir delt ut under næringslivsdagen, gjekk i år til Henning Sommerro. Han vart klappa fram som allsidig, landskjent og folkekjær - og som skaparen attom landeplaga Vårsøg. Sjøl kvitterte han med ein arbeidarsong frå Surnadal og Nordmørsminne av Hans Hyldbakk på flygelet Surnadal Sparebank hadde som gave til kulturhuset da det åpna.
Konferansier Ove Snuruås fekk klappa fram Henning ein gong til: Han forlanga å få høre Vårsøg - og det fekk han - siste verset saman med heile salen.
Næringslivsdagen i Surnadal fortset. Trollheimsporten er på på plass og vil kome med mykje meir utover i dag og i morgon.