
NAF Sykkelkonkurranse 2012
Måndag denne veka var elevane ved Mo oppvekstsenter på 5., 6. og 7. trinn med på NAF sin sykkelkonkurranse. I denne konkurransen måtte elevane gjennom åtte ulike ferdighetspostar medan dei sykla, og i tillegg måtte dei også svare på ein del spørsmål som handla om korleis ein bør sykle i trafikken, kva utstyr sykkelen må ha og kva ulike trafikkskilt betyr. Les meir på heimesidene til Mo oppvekstsenter

.png)

