Namn på planter og dyr

Ragnhild Stavne Bolme skriv:
Eg vart inspirert av ordlista til Edgar og sette meg ned og pressa minnet mitt. Kom fram til ei lita liste eg og, men Edgar har kanskje det meste av dette på lager.

Planteriket:
Lubreng - geiterams
Blåbokk - fioler
Myrber - molte
Skreddar - jonsokkoll
Penggras - pengeurt
Syrgras - engsyre
Leirblåkka - dei store blada til gollhauken som kjem tidleg om våren
(leirfivel)
Musætter - fuglevikke
Pessravall - krekling

Fuglar:
Skjøttutrast - gråtrast
Tommelittinj - gjerdesmett
Furrulus. Dette lokalnamnet er eg usikker på. Er det nokon som veit kva
for fugl dette er?

Insekt:
Vårhærreku - det som blir kalla marihøne. (Raud med svarte prikkar.)
Måttmarihøn - stadiet etter at måtten er utvikla. (Hovedingrediensen i
"måttkulene" er Naftalin. Dei er å få kjøpt i dag også.)