
Tipp tittelen på Svarrabærje-revyen - vinn gåvekort!
Namneforslaga strøymer på

- Vi kan seie såpass som at det er ein original, fengande og kort tittel, seier instruktør Ingebrigt Røen om den foreløpig hemmelege revytittelen.
Han fortel at tittel-ideen dukka opp tidlegare i haust, i samband med ei sak med stort spenn i sentrum av Surnadal.
"Byggje-boom med ein liten byggje-bom" kan vere ein ledetråd.
- Det vart satsa høgt, men delar av prosjektet endte litt lågare enn planlagt. Revytittelen har teke utgangspunkt i dette, og det blir altså ein kort og fyndig tittel – lett å ”ta” for den som har fulgt med på nyheitsbildet, samtidig som den er open for tolkingar, meiner Ingebrigt Røen.

Her er nokre av namneforslaga som er sendt inn så langt i konkurransen: "Undergangen", "Tube or not tube", "Luft poinni vengan", "Walk over", "Bergsveien", "Luftslottet", "Sidespranget", "Spenstig", "Bomstasjonen", "Inn og ut", "Færr høg og låg".
Revyen har premiere 10. november, og Svarrabærje Teaterlag kjem til å leggje ut fleire ”spor” og hint om tittelen fram mot avsløringa rundt midten av oktober.
Ny ledetråd: Delar av prosjektet endte lågare enn planlagt. Vi vil vite differansen.
Enda ein ledetråd: Myndig + mynt + vokal.
Svarrabærje inviterer no alle til å prøve å tippe namnet på den nye bygdarevyen. Premien - eit gåvekort frå AMFI til verdi av 300 kroner - blir trekt ut blant dei som har klart å finne ut rett namn. Dersom ingen av dei innsendte tipsa er rett, kjem revystyret likevel til å premiere det mest kreative forslaget.
Kva trur DU namnet er? Send namnetips til bjorntore@trollheimsporten.no innan 10. oktober 2010.
- Vi har også oppretta eiga gruppe på Facebook, ”Ny Svarrabærje-revy i Surnadal”, opplyser Ingebrigt Røen.
Billettar til Svarrabærje-revyen kan kjøpast i kulturkafeen på Surnadal Kulturhus (tlf 71 65 73 08) eller på billettluka.no.


.png)

