
Namnet mitt er...
Ein må vel kunne slå fast at vi menneska har nådd ganske langt. No i 2010 er det meste eigentleg på stell, ikkje minst fordi teknologien har gjort kvardagen utruleg mykje enklare og behageleg. Utan at eg skjønar korleis det er muleg, er tilsynelatande alt… ja, nettopp: muleg.

Med eit par tastetrykk kan eg kommunisere med folk over heile verda. Eg får tilsendt skarpe og høgoppløyselege bilder på mobilen frå Australia, Tyrkia, Vancouver og til og med Rindal. På iPoden, som berre så vidt er større enn minibankkortet mitt, er det 500 songar og timevis med nedlasta radioprogram. På Facebook chattar eg med regnskogforkjemparar i Brasil, på YouTube ser eg fenomenale, heimelaga animasjonsfilmar. På flyplassen kan eg sjekke inn ved at ei knøttlita maskin les av fingeravtrykket på peikefingeren.
Myntar og setlar treng eg ikkje meir. ”Pengar” er no berre nokre elektroniske signal som svirrar rundt der ute i cyberspace, og som manifesterar seg som tal når eg loggar meg inn på nettbanken. Og dersom tala på skjermen er svarte og ikkje raude, er det vesle minibankkortet (…sjå, der er det, ja - under iPoden…) alt eg treng. Da kan eg reise kvar som helst – Naxos, Killarney, Johannesburg, ja, til og med Rindal.
Det er over 500 år sidan Leonardo da Vinci på teiknebordet utvikla prinsippa for både helikopteret, stridsvogna, kalkulatoren, dobbeltskroget og bruken av konsentrert solenergi. No i juli er det 41 år sidan Neil Armstrong gjekk på månen.
Det blir gjort tekniske og vitskapelege oppdagingar og utviklingar så å seie kvar dag. Da eg byrja med briller for 37 år sidan, var dei av tungt glas som laga hakk over naserota. Seinare vart det plastglas og kontaktlinser. Og før jul i fjor sørga ein kjapp og smertefri ultralyd-operasjon for at eg fekk eit heilt nytt syn på livet og vart kvitt både nærsyntheit, skeive hornhinner og grå stær.
Berre velstand, altså. Nesten, i alle fall.
For medan dei fleste av oss susar av garde inn i framtida, med teknologiske nyvinningar og moderne løysingar på alle baugar og kantar, er det nokon som meiner det ikkje skal vere så enkelt.
NAV er blant dei.
Ja da, eg veit at NAV allereie er utskjelt og kritisert så det held. Men altså: Sjølv om det no er 2010, insisterer NAV på at det norske alfabetet ikkje består av bokstavane æ, ø og å. Så da hjelper det ikkje kva eg sjølv meiner at eg heiter.
Da eg nyleg skifta fastlege etter å ha flytta frå Bergen til Surnadal, fekk eg nemleg brev frå NAV der dei konsekvent omtala meg som Bjørn Tore Brøske. NAV vil sikkert hevde at det er min eigen feil (eventuelt foreldra mine sin) at eg har eit namn med bokstavar som ikkje finst i alfabetet deira. Og NAV sin måte å skrive ”ø” er så definitivt… noko anna.
Men spøk - eller spøk - til side. Tsjekkiske hotell har ikkje problem med å stave namnet mitt. Greske båtselskap tek det på strak arm. Da eg ba om autografane til det skotske bandet The Proclaimers, fekk eg personleg helsing ”To Bjørn” utan at dei spurte om stavemåten. Men NAV…
Sjølvsagt er dette for dårleg av ein statleg etat som ifølgje seg sjølv skal ”finne gode løsninger for brukerne”. Når dei ikkje ein gong er i stand til å skrive namna korrekt, spørs det om dei ikkje i staden må omformulere målsetjinga til rett og slett å ”finne brukerne”.
Men for alt eg veit, er det ikkje så nøye for dei. Dette er tross alt ein etat som sjølv har eit namn som ikkje betyr noko. For om du lurar på kva dei tre bokstavane NAV eigentleg står for, så er svaret ingen ting. Etaten heiter formelt Arbeids- og velferdsforvaltningen, og forkortinga av det er jo AV. Og det hadde kanskje passa betre…

.png)

