Naturvernforbundet på offensiven

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal er det fylkeslaget i landet som har raskast medlemsvekst i landet, og har no passert 800 medlemmer. Dette kom fram på årsmøtet mandag.

Naturvernforbundet veit at det er mange som er medlemmer i Naturvernforbundet utan å vere samde med alt organisasjonen står for; no sist representert ved olje- og energiminister Terje Riis-Johansen. Det å få fleire til å melde seg inn vil vere høgt prioritert.
- Målsettinga for Naturvernforbundet i løpet av dei neste åra blir å halde fram den kraftige auken i medlemstal. For å få til dette, treng vi lokallag fleire stader, seier Folden, som særleg ønskjer seg lokallag i Kristiansund, på Ytre Søre Sunnmøre og i Stranda - Sykkylven. I dag har Naturvernforbundet lokallag i Sunndal, Tingvoll, Rauma, Molde, Vestnes, Ålesund og Ørsta-Volda.
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har eit høgt aktivitetsnivå til tross for avgrensa ressursar. Prioriterte arbeidsområde i 2009 og 2010 er vern av meir skog, arbeid for energisparing og mot gasskraft, arbeid for kollektivtrafikk og gang- og sykkelvegar og mot kraftlinjer og motorferdsel i utmark. Fylkeslaget vil halde fram arbeidet med å få sterkt fokus på naturvernomsyn i samband med småkraftutbyggingar.
 
Øystein Folden frå Tingvoll blei attvald som leiar for fylkeslaget, han har hatt denne funksjonen sidan 2002. Dei øvrige i styret er:
- Japke Stobbe og Knut Løken (Molde)
- Gunn Morstøl (Rauma)
- Bernt Gjelsten (Vestnes)
- Yngve Birkeland og Øystein Solevåg (Ålesund og omegn)
- Geir Helge Nilsen (Ørsta og Volda)
 
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal