Surnadal videregåande skole:
Nedgang i søkartal
På grunn av små årskull hos avgangselevane på ungdomskolen, så har søknadstala gått ned i forhold til tidlegare år. Det er noko som har vore klart lenge, men for nokre utdanningstilbod kan dette få negative følgjer.
Rektor Mons Otnes seier at den relativt låge søknaden har mykje med størrelsen på årskullet som går ut frå ungdomskulen i vår å gjera, men tykkjer det er positivt at f.eks helse og oppvekstfag har gode søkartal tross dette. Det som ikkje er så bra er at tala på søkarar på førsteåret bygg- og anleggsteknikk er så låge.
- Med berre fire søkarar står nok førsteåret i fare for å falla ut komande år, seier Otnes som presiserar at det slett ikkje er sikkert at dette skjer, då det skal opp til politisk handsaming først. Det ser ut til at søkartala på denne linja går i bølgjer annakvart år, for andreåret ,byggteknikk, har full klasse komande skoleår, så det er verkeleg positivt, avsluttar han.
Marit Drøpping, dagleg leiar på Indre Nordmøre opplæringskontor, seier ho ser med med bekymring på søkartalet til bygg-og anleggsteknikk ved Surnadal vidaregåande skole.
- Det er urovekkande at eit utdanningsprogram der muligheiten for læreplass og jobb er så store, har så låge søkjartal, seier Drøpping.
Det er stor aktivitet innen denne næringa i lokalområde, og behovet for fagarbeidarar er stort.
Drøpping seier at opplæringskontorets medlemsbedrifter tilbyr læreplassar innen m.a. tømrarfaget, rørleggarfaget og målarfaget, med gode muligheter for fast jobb etter avslutta læretid.
- Bedriftene har lang erfaring innen fagopplæring, og ser på dette som en god måte å rekruttere arbeidskraft på, fortset Drøpping. Elevane på byggteknikk har ofte læreplassen klar før dei er ferdig med skoleåret, avsluttar ho.
Ellers viser altså søkartala meget høg søking på vg1 helse- og oppvekstfag og god søking på vg1 elektrofag. Vg1 teknikk- og industriell produksjon opplever ein betydeleg nedgang, og det same gjeld vg1 studiespesialisering. Yrkesfaga på vg2 og vg3 har generelt god søking, med unntak av vg2 industriteknologi.
Les meir om søkartala på Møre og Romsdal fylke si heimeside
Dagleg leiar i Indre Nordmøre opplæringskontor, Marit Drøpping og rektor Mons Otnes (arkivfoto)