Andreas Jenstad 8

Nytt frå Surnadal NTN Taekwon-Do Klubb:

Nerdetrening

Surnadal NTN Taekwon-Do Klubb hadde denne laurdagen nerdetrening med landslagstrenar Andreas Jenstad. Sjølv om ferien til klubben alt har starta, var det mange som møtte på denne treninga, melder klubben på Facebook.

Nerdetrening.jpg

Det var mange som ville ha med seg drøye to timar med mønstertrening. Triveleg var det også med gjestar frå Molde og Fræna.

Dette er eit ledd i satsinga på Kjell Gunnar og " de gode hjelperne".

Tidlegare i vår har klubben hatt besøk av Master Per Andresen og Harald Polden, og til hausten blir det mange og ofte besok. Klubben har tett samarbeid med Nordmøre Folkehøgskule, noko som er ein vinn-vinn situasjon..

Sjå fleire bilde på Facebooksida!