
Nettskremt?
I så fall er redninga nær! Studiesenteret Surnadal og Halsa kjører i samarbeid med Surnadal Sparebank ”Nettskremtkurs” – heilt gratis – tysdag 4. mai. Meld deg på, ta med Laptop’en og lær meir om trygge rutinar på nettet.
Studiesenteret Surnadal og Halsa og Surnadal Sparebank inviterar deg som:
- Har lyst til å lære og betale regningar på nett – men veit ikkje korleis?
- Lurar på korleis nokre få tastetrykk kan føre til at du har betalt regningane dine på ein trygg og korrekt måte?
- Ønskjer å lære litt om netthandel
- Er godt vaksen (vi prioriterer dei eldste)
- Kurshaldarar: Frode Hansen og Finn Ranes
- Dato: 4 mai
- Klokkeslett: 17.00 - 21.00
- Stad: Surnadal Sparebank
- Pris: Gratis
Ta med egen bærbarpc og meld deg på til Venke v/ Studiesenteret på 926 16 230 eller på e-mail studiesenteret@profero.as
Påmeldingsfrist: 3. mai


.png)

