Nils Røv på sjøbruksmuseet

Annonse:

Nils Røv på museet

Søndag byr Bøfjorden Sjøbruksmuseum på program med mangekunstnaren Nils Røv.

Bilde: Nils Røv besøker igjen Bøfjorden Sjøbruksmuseum komande søndag.

Kåseriet «Laust og fast frå fjord og fjell» kler Bøfjord-bygda godt. Nils har aner frå garden Skrøvset attmed museet. Han gir publikum barndomsminne både herifrå og frå heimbygda Surnadal. Det blir sjøsalte inntrykk – med settemsdalingar og sjøaure og med skreifiske ved Veiholmen. Og kan du ikkje «å ro rindaling» og «å gå Elster», får du lære det på muntert vis!


Naturvitar og -elskar

Som ornitolog og naturgranskar er Nils Røv blant dei fremste i landet. Ingen veit for eksempel meir om skarvebestanden langs kysten enn han!

Samtidig er han natur-elskar. Og han kan dele vederkvegande tankar med oss om oppleving av naturen og kor viktig det er å ta vare på den.


Musikar

Både dette og sin menneskelege varme illustrerer han også i tonar – med slåttar på både munnharpe og ulike variantar av munnspel. Musikaren, mennesket og vitskapsmannen Nils Røv er ein ekte mangekunstnar.

Før og etter kåseriet er det både lodd, medlemskort og kaffe å få kjøpt – innan trygge koronarammer. Museet har for tida plass til 40 gjester.

2020 08 16 Plakat Sjøbruksmuseet.jpg

Tekst/Bilde: Bernt G. Bøe

Bøfjorden Historielag er medlem av Trollheimsporten.