NM i eksteriørdømming av storfe under BU Landsstemne

Onsdag under NBUs Landsstemne vart det avvikla NM i eksteriørdømming av storfe på Austistua Øye. Det var heile 230 påmeldte deltakarar. Vi møtte også 3 veteranar frå Surnadal BU.

IMGP5566_690x457.jpg
Senior på Austistua Øye, Øyvind Holte, mellom søstrene Ingeborg og Guri Løfaldli Rindalsholt.

Holte fortel at reglane for kudømming er uendra frå da han sjølv deltok i tevlingar, men det var meir seriøst da. 
-  Vi måtte kvalifisere oss for å kunne representere Møre og Romsdal i landstevlinga.

I dag kan alle melde seg på, og med 230 deltakarar blir det lang tid å stå ute for kyrne. Dei var forresten ikkje så glade for å stå fastbundne. Dei trudde at dei skulle få gå og springe fritt når dei kom ut!

IMGP5563_690x460.jpg
Dei frammøtte fekk først gjennomgang med opa dømming av ei ku. Dei 4 andre kyrne skal dei deretter dømme.

IMGP5565_690x457.jpg
Konsentrerte kudommarar!

NBU-veteraner

Tradisjonen med tevlingar er gammel i Norges Bygdeungdomslag. Under NM i kudømming på Austistua Øye møtte vi vaksne tevlarar som mintes gamle dagar.

IMGP5560_690x460.jpg
Holger Skei, Øyvind Holte og Nils Mogstad har mange tevlingar og BU-stemne bak seg.

I 1973 var stemnet på Jønsberg Landbruksskole, Stange, og da vart desse tre norgesmestrar i kudømming. Dei utgjorde Møre og Romsdal sitt lag i konkurransen, og alle vart innafor dei 6-7 første plassane.

På same stemnet vart Øyvind Holte norgesmester i traktorkjøring.

Øyvind Holte mintes ein kjent lokal heradsagronom som var ivrig med alt som hadde med husdyr å gjere, og særleg med kyr og kudømming. Og han lika konkurranse. Holte hugsa mellom anna desse to utsegnene frå heradsagronomen under ei kudømming:

-  Viss kua har horn, så skal horna vere jamne og symmetriske. Har ho ikkje horn skal du ikkje ta omsyn til det, sa heradsagronomen.

Ein annan situasjon:
-  Denne kua har alt for korte føter, like eins som eg!

IMGP5558[1].JPG