
NM i randonee i Todalen i januar
Det er no klart at det blir norgesmeisterkap i randonee på Kårvatn i Todalen i januar, der Todalen idrettslag står som arrangør. Laurdag 12. januar går den individuelle konkurransen, og søndag 13. januar er det duka for lagkonkurranse. Det melder todalen.no.
Det skal skje i Dalalia på Kårvatn, med NM-arena på Bekkøya. Det er dei fine forholda oppover lia mot Tydalsnebba som lokkar løparane til Todalen. Over ser du frå starten av konkurransen i fjor.
Det er no fjerde året på rad at Todalen idrettslag er arrangør av slike renn, og laget har etter kvart utvikla ein profesjonell kompetanse som arrangør, samtidig som dei kan lokke med sikre og gode forhold for løparane i Dalalia. I år er laget tildelt det første offisielle norgesmeisterskapet som er arrangert, etter at skialpinistane no er komne inn under “paraplyen” til Norges skiforbund. NM-arrangementet sikrar at dei store kanonane kjem til Todalen og Kårvatn for å delta for å delta i rennet. At rennet også er uttaksrenn for VM, som går i Frankrike i februar, gjer det nok ikkje mindre attraktivt å delta.
Du kan lese meir om NM randonee i Todalen her med heile saka på todalen.no.
Under Ola Berger i tet med Ola Hovdenakk hakk i hel. Foto: todalen.no.