1-2019-12-021

No er jula på plass

Når julekonserten i Rindal kirke er avslutta med fulltonande song frå full kyrkje, alle kor og solistar i kordøra, Blæst’n og fullt kyrkjeorgel, ja, da er det jul i Rindal, sjølv om kalenderen har nokre dagar att til julehelga.

Julekonserten i Rindal kirke fredag kveld var av det mektigaste slaget! 

1-IMGP2248.JPG
Det var god variasjon i programmet som kantor Johanne Bjørkhaug kunne ønske den fullsette kyrkja velkomne til å oppleve, og vi møtte utøvarar i alle aldrar.

1-IMGP2389.JPG
Programmet opna sjølvsagt med preludium frå kyrkjeorgelet, og det var det Maja Krogh Skjermo (nærmast) og Anne Tonning Negaard som sørga for, og dei spela både med hender og føter! Imponerande, sidan dei har hatt undervisning av kantor Johanne Bjørkhaug berre to månader!

Dei framførte Klokkespill og Preludium av Ulvedalen.

Midt i konserten hadde Lene Prest andakt, der ho refererte til ein reklame - Julen starter hos oss! - Julen slutter hjemme hos deg! Ho argumenterte mot dette utsegnet og heldt fram at jula sluttar ikkje, den held fram, - også etter tjuandedagen!

1-IMGP2251.JPG
Rindal Barnekor fekk æra av å opne konserten frå kordøra med Det kimer nå til Julefest, Nå tennes tusen julelys og Musevisa, dirigert av Johanne Bjørkhaug med Bjørn Vevang ved pianoet.

1-IMGP2269.JPG
Espen Selbæk sin lyse, klare tenor, og Bjørn Vevang med sine leikande fingrar over pianotangentane gav gåsehud til forsamlinga! Få tangentar var ubrukte når Vevang hadde gjeve Sebæk tonefølge i to avdelingar med songar.

1-IMGP2275.JPG

1-IMGP2376.JPG

1-IMGP2278.JPG
Songkoret Tormod vart dirigert av Lubomir Metodiev Alexandrov, første gong vi har sett kor dirigert av gitar! Flott! 

1-IMGP2282.JPG
Anita Sande hadde solo på songen Sov no Maja mor av Lystrup, eit nydeleg arrangement med Liubomir Alexandrov ved pianoet.

1-IMGP2296.JPG
Carla van Buggenum delte to songar med oss, Leonard Cohens kjente Halleluja og den klassiske Pie Jesus av L. Webber. Johanne Bjørkhaug akkompagnerte på piano.

1-IMGP2304.JPG
Kor Gøttj hadde tre songar på programmet, mellom anna eit godt gjennomført krevjande arrangement av Mary did you know (Lowry/Greene). Kari Nerbu var solist på Glade jul.

1-IMGP2329.JPG
Duoen Linda og Frank Spoon Botten både song, spela gitar og spela blokkfløyte. Dei delte Bo Kaspers sin Hold ut og Sivart Dagslands Ka e du redd for med oss, den siste på surndalsk.

1-IMGP2345.JPG
Så var det Blæst'n sin tur, på nytt podium med persisk teppe for anledningen. Med solid besetning, særleg fyldig grovmessing, framførte dei tre melodiar der Hilde Staveli Solli var solist på tverrfløyte og dirigent Olav Morten Tørset var solist på trompet.

1-IMGP2356.JPG

1-IMGP2367.JPG
Blæst'n fekk også med seg Songkoret Tormod på Trygve Hoff sin kjente Et lys i mørketida og Geir Allan Sæther var songsolist.

1-IMGP2382.JPG
Da vi trudde kantoren skulle ta mikrofonen for å takke for oppmøtet, overraska ho med å framføre den kjente julesongen O helga natt, også kjent under namnet Adams julsong etter komponisten Adolphe Adam, men gjort mest kjent av den svenske operasongaren Jussi Bjørling. Men sprudlende akkompagnement av kantor Bjørn Vevang vart det ei flott avrunding av konserten før alle song Deilig er jorden!

1-2019-12-023.jpg