
No får det vere rock!
Da inviterer nemleg Kulturskulen på indre Nordmøre til ny kulturskulerock. Dei som skal i aksjon på scena i løpet av konserten, er Batteri, Slopes, Emergency, Trøkk, The Pink Ladies, SAS og Surnadal River Band med Torstein Snekvik samt det spesialinviterte bandet Øyvinds Angels & The Rest.

Det blir ei spennande og variert rockereise, med versjonar av songar frå kjente artistar som Jokke og Valentinerne, Aerosmith og Bjølsen Valsemølle. I tillegg blomstrar kreativiteten lokalt og fleire av gruppene vil også by på sjølvlaga stoff.
Nytt av året er ”temarock”, som i denne omgang betyr at banda skal framføre ein fotballsong hver. Det er gjort eit utval av dei beste og mest kjente fotballsongene som gruppene har fått i oppgåve å øve inn, så det blir garantert stor allsangfaktor på refrenga.
Konserten er gratis og startar klokka 19.00.

.png)

