
No får du «Jul på Nordmøre»
I heftet finn du i år ei lang rekkje tekstar med forfattarar frå heile Nordmøre. Nokre er gamle kjenningar- nokre er nye. Skriftstyret er fornøgde med å ha fått to av dei nordmørske ordførarane på forfattarlista, og to til har sagt ja – til neste års blad. -Slik kjendisjakt vil skape gjensidig trivsel, ikkje minst for dei som får syna fram andre sider enn sin profesjonelle, seier Eistein Bæverfjord, som også nemner at årets prestehelsing er laga av nypresten i Surnadal.
Innhaldet i bladet har mange likskapar med det som har vore presentert før. Skriftstyret har likevel satsa på at det meste av innhaldet skal vera nyskrive. Det skal vera noko for ein og kvar, og det er lagt vekt på variasjon i innhaldet. -Tradisjonelt ligg vårt tyngdepunkt i gode minner og historisk stoff, men som sagt; - Vi må samtidig ha fokus på notida og framtida – der positiviteten skal gro vidare, seier Bæverfjord i forordet til årets hefte.
Eistein Bæverfjord har vore leiar i skriftstyret i år. Med seg i styret har han hatt Lars Steinar Ansnes, Sunndalsøra, Mona Rita Rønning, Bæverfjord, og Karin Ormbostad frå Kristiansund.