
No startar billettsalet til Plekterfesten

- Vi legg ikkje skjul på at det er mange nostalgiiske godbitar i vente både frå Nordmøre, Romsdal og Sør-Trøndelag. Resepsjonen på Vårsøg Hotell melder allereie no om stor etterspørsel etter rom den helga, så det løner seg å vere ute i god tid.
Marvid Nilsen, som musikkinteresserte kjenner frå band både frå Sunndal og Halsa, samla i 2007 Valsøyfjord-grupper frå 70- og 80-talet til mimrekonsert i den gamle kraftstasjonen på Enge. Plekterfesten 2007 vart ein kjempesuksess med åtte band, 550 publikummarar og stor stemning.
I kjølvatnet av denne musikarmønstringa har Nilsen også bygd opp nettstaden Plekterfesten.no, som nærast fungerer som eit stort lokalhistorisk arkiv med plakatar, bilder, avisutklipp og lydspor av midtnorske orkester frå 50-talet og fram til i dag.
No satsar Marvid Nilsen og Plekterfesten.no igjen, og har inngått samarbeid med Vårsøg Hotell og Surnadal Kulturhus om Plekterfesten 2011 første helga i september.
- Både fredag og laurdag kveld under Plekterfesten 2011 blir det arrangert dans/show med musikk av mange av dei fremste 60-, 70- og 80-talsbanda frå Nordmøre, Romsdal og Sør-Trøndelag. Fredag har dansen fått tittelen «Friday Top Ten», og laurdag er det «Twist And Shout». Laurdag ettermiddag blir det også ein stor konsert i Storstuå, «Top Of The Pops», med markante band og artistar frå Midt-Norge på 60- og 70-talet som aktører, fortel Nilsen.
Det er altså billettar til "Top Of The Pops"-konserten som no blir lagt ut for sal. Billettane blir å få kjøpt på www.billettluka.no eller www.surnadal-kulturhus.no og i resepsjonen på Vårsøg Hotell/Kulturhuset frå og med 25.mars.
I Foajèen og i Finstuå på Surnadal Kulturhus vil det under Plekterfesten 2011 også bli stor utstilling av plakatar, bilder og andre effektar frå musikkmiljøet hele denne helga, lovar Marvid Nilsen.

.png)

