
Startskot for bygdebokarbeidet i nedre Surnadal
No startar innsamlingsarbeidet!
Bygdeboknemnda har hatt dugnad på utkøyring av brev til husstandane i nedre Surnadal. Her er Marit Kringlebotn og Gudrun Langli frå Bygdeboknemnda klare til utkøyring. Foto: Norunn Holten.
Det er i dei store, befolkningstette områda i kommunen innsamlingsarbeidet no startar. Alle som har ått bustad i kommunen, eller som har budd der som leigebuar over lengre tid, skal med i dei nye bygdebøkene. Bygdebokprosjektet ønskjer derfor no å koma i kontakt med personar som dei ikkje har greidd å fange opp så langt. Dersom nokon ikkje får tilsendt papir i løpet av den næraste tida, ønskjer dei å få beskjed om dette.
Bygdeboknemnda lovar hjelp til dei som måtte tykkje at utfyllinga av spørjeskjema er vanskeleg. Det er fleire måtar å få hjelp på. Den som ikkje bur i nyetablerte bustadområde i sentrum av bygda eller på Glærum, vil få besøk av ein grendekontakt. Grendekontakten kjem innom for å hente det ferdig utfylte skjemaet, og hjelpe til med utfyllinga viss det trengs.
Innbyggarane i dei nyare bustadfelta i sentrum og på Glærum vil ikkje få besøk av grendekontakt. Har dei spørsmål, kan dei kontakte prosjektkontoret på telefon eller e-post, eller dei kan møte opp på eit informasjonsmøte som vil bli halde etter haustferien. 15. og 29. oktober frå 18.00-20.00 vil det også vera ”ope hus” på Kulturloftet på kommunehuset, og der vil medlemmer i bygdeboknemnda vil vera til stades for å svara på spørsmål om utfyllinga. Er du på Facebook, kan du også finne ei bygdebokside der.
Når det gjeld levering av spørjeskjema, så må dei som ikkje bur i område med grendekontakt, sjølve levere det. Dei kan anten returnere papira til adressa nedanfor, eller dei kan levere i ”leveringskassen” på ytterdøra til kommunehuset (gammelfløya).
Kontaktinfo:
Bygdebokkontoret Surnadal kommune
Bårdshaugvegen 1
6650 SURNADAL
Telefon: 71 65 58 03
E-post: siv.snekvik@surnadal.kommune.no eller norunn.holten@surnadal.kommune.no.
Les meir om bygdebokarbeidet på heimesidene til Surnadal kommune. Sjå ”Revidering av bygdebøker” nedst på framsida eller klikk her.
For dei som arbeider med dei nye bygdebøkene for Surnadal, er utsendinga av spørjeskjema til dei store, befolkningsrike delane av kommunen ei stor hending. Dette fordi det er den siste delen av kommunen som får tilsendt spørjeskjema, men også fordi dette gjeld opplysningar det hastar med å få inn. Sjølv om det er fleire år til bøkene for nedre Surnadal kjem ut, er det nemleg viktig å få inn opplysningane no- før mange av dei som sitt med mykje av kunnskapen forsvinn saman med den.