
Laurdag 10.desember
Nøtteknekkaren i Surnadal Kulturhus
Det blir ikkje jul utan! Velkomen inn i ei magisk juleforestilling, der trolldom og magi rår. Her veks juletre, tinnsoldatar slest og drømmar blir levande. Det er sjølvaste julekvelden, og heime hos søskena Klara og Fritz er årets favorittgåve ei stor Nøtteknekkerdukke.
Etter ein vellykka julefeiring går alle kvar til sitt og snart sover heile huset. Da byrjar plutseleg ting å skje...
Unge dansarar frå Operaens Ballettsenter og elevar frå Halsa og Surnadal bidrar i forestillinga.
Surnadal Kulturhus kl.18.00 laurdag 10.desember
Last ned foldaren for Surnadal Kulturhus i desember her