
Nok ei bra fangstveke i Surna
Laksefisket i Surna går framleis svært bra. Også i forrige veke vart det teke over eit halvt tonn laks, slik at totalmengda så langt i år har kome opp i 4,5 tonn. Aurefangstane er også sakte, men sikkert på tur opp. Dei siste dagane er det sett mykje aure i overflata på dei nedre sonene, melder surna.no.

Lars Tellesbø (bildet) tok ein laks på tre kilo på Tellesbø 22. juli - ein av totalt 116 laksar som vart landa i Surna i veke 29 (19.-25. juli). 71 av desse laksane var mellom tre og sju kilo, medan 15 var over sju kilo.
Det vart også teke 45 sjøaurer, noko som er vekesrekord denne ssesongen. Samla vekt på laksane som vart teke i forreige veke var 529,4 kilo, slik at det totalt så lang i år er landa 4544,3 kilo laks i Surna.
I tillegg er det gjenutsett 143 laksar med ei totalvekt på 569,6 kilo, og dette er fangstar som dermed ikkje er med i fangststatistikken.
Største fangst så langt i år er framleis laksen på 16,6 kilo som Finn Ove Kaldvansvik tok med mark i sone Røv/Ytre Moen i veke 23.

.png)

