header1

Rindal IL fotball:

Nok ein seier

Rindal`s damelag tok måndag imot Skaun på Skogsletta. Dette var sesongens siste heimekamp, og Rindal tok nok ein tre-poengar!

Det var låg sol, fin temperatur, kommunevalg og brillefint spelevèr, trass at vi har kome eit stykkje ut i september! Og damene svikta ikkje dei frammøtte! Rindal storma rett i angrep etter avspark og allereie etter to minutt satt ballen i nota bak Skaun`s sisteskanse og det var Mali Løset som sette den sikkert i mål! 1 - 0! Heimelaget fortsette å pressa på men Skaun kom til hektane og kjempa seg inn i kampen, utan at dei produserte dei heilt store sjansane. Det gjorde forsåvidt ikkje heimelaget heller, men Siri Sylte Heggset hadde eit flott skot, som dessverre for heimelaget, smalt i metallet. Ein jamnspelt omgang ebba ut med 1 - 0 leiing til dei raude og kvite.

Andre omgangen starta nett som den første, og før publikum har fått sett seg å teke det første bettet av skoff-kaka, satt ballen i nettmaskane att! Denne gongen var det Randi Fiske Pedersen som netta, etter eit fint innlegg frå Ailin van Til. 2 - 0! Heimelaget var det klart beste laget i andre omgang og kunne auka leiinga ved fleire anledningar, blant anna med eit skot frå nevnte Pedersen, som dessverre traff stolpen. Men fleire mål vart det ikkje og heimelaget kunne strekkje armane i vèret for nok ein seier!

Rindal IL - Skaun 2 - 0 (1 - 0)

Rindals lag: Guri Glåmen,Anne F. Røen, Mali N. Løfald, Mia Bakken, Mali Løset, Unn Inger Halgunset, Randi F. Pedersen, Kristine Jacobsen, Siri S. Heggset, Solveig Løset, Ailin Van Til, Inger Mette Fiske

Corner.JPG
Ailin Van Til ragar høgast, men mål vart det ikkje denne gongen!

Randi f.Pedersen1.JPG
Randi Fiske Pedersen var ein konstant trussel. Her er ho i ferd med å fyra, men skotet treff stolpen.

jubel.JPG
Ein fornøyd gjeng feirar seieren!