Nok mat, ja!
Ikkje med måte skulle det bli servering når Jesus trør til og deler ut fem brød og to fiskar. Det blir mat til fem tusen og endå til tolv fulle korger. Dette var utgangspunktet for preika denne tredje sundagen i Påsketida.
Preiketekst frå Markus 6, 30-43
Apostlene samlet seg igjen hos Jesus og fortalte ham om alt de hadde gjort, og alt de hadde lært folket. Og han sa til dem: «Kom med meg til et øde sted hvor vi kan være alene, og hvil dere litt!» For det var så mange som kom og gikk at de ikke fikk tid til å spise engang.
Så dro de ut med båten til et øde sted for å være alene. Men mange så at de dro bort, og kjente dem igjen, og fra alle byene strømmet folk sammen til fots og nådde fram før dem. Da Jesus gikk i land, fikk han se en mengde mennesker. Han fikk inderlig medfølelse med dem, for de var som sauer uten gjeter.
Og han ga seg til å undervise dem om mange ting.
Det var nå blitt sent på dagen, og disiplene kom til ham og sa: «Stedet er øde, og det er alt blitt sent. Send dem fra deg, så de kan dra til gårdene og landsbyene her omkring og kjøpe mat.» Men Jesus svarte: «Dere skal gi dem mat!»
De sa: «Skal vi kanskje gå og kjøpe brød for to hundre denarer, så de kan få spise?» «Hvor mange brød har dere?» spurte han. «Gå og se etter!» Da de hadde gjort det, sa de: «Fem brød og to fisker.»
Så sa han at de skulle la alle danne matlag og sette seg i det grønne gresset.
Og de slo seg ned, rekke ved rekke – noen på hundre og noen på femti. Så tok han de fem brødene og de to fiskene, løftet blikket mot himmelen og ba takkebønnen, brøt brødene i stykker og ga til disiplene, for at de skulle dele ut til folk. De to fiskene delte han også ut til alle. Og alle spiste og ble mette. Etterpå samlet de opp tolv fulle kurver med brødstykker og fisk. Det var fem tusen menn som hadde spist.
Det er vel igrunn greitt at påska er overstått med sitt av ski og renn, sol og selskap, krim og hytteliv. No er me attende i den vanelge tralten, - og av alle ting er det mat det skal handle om. Mat kan me ha eit ganske så ambivalent forhold til. Uansett om matlysta er for dårleg eller reint for god, så treng me mat for å kunne leva. Mange av oss kunne gjerne tenkja litt praktisk rundt dette med menyen denne dagen: Fisk og protein er bra for kroppen, mens me helst skulle begrensa inntaket av brød og karbohydratar.
Dei var nok så langt ifrå å tenkja slik, den store flokken på 5000 som vart metta som var det ved eit under. Kva som får det eine til å skje som får det andre og det tredje til å skje, har Markus nøye rekneskap på: Jesus fèr rundt på heimtraktane sine og underviser. Så kallar han til seg apostlane og ber dei fara av garde to og to for å forkynne til omvendelse og dessutan drive ut onde ånder.
No har ikkje apostlane sett Jesus på ei stund, og det er mesta så dei brenn etter å få fortalt og referert. Jesus ser desse sine beste vener og inviterer dei til å vera med til ein øde plass så dei kan vera åleine og apostlane kan få kvilt seg.
Kvil dykk litt, seier Jesus til apostlane og får dei med seg i ein båt mens leia går til ein aude plass der dei kan få vera åleine. Men så, når heile planen om kvile blir skipla av folk som kjem farande til fots dit Jesus og apostlane skulle ro – då får pipa ei annan låt: Det er så me kan sjå Meisteren for oss der han brukar alt han har av hjartelag – og det skal visst ikkje vera lite.
Jesus har inderleg medfølelse med folket. Og såpass skal nok gjerne til òg, sidan dei var som sauer utan hyrde. Så blir det for Jesus å kaste seg inn att i undervisning om mange ting.
Enn om me hadde vore der?! Vore ein av dei fem tusen som fèr av garde rundt fjorden for å vera klar til å ta imot Jesus og apostlane idet dei legg til på den andre sida. Vore ein av dei fem tusen som fekk sjå og lære og ta til oss av ord og gode gjerningar.
Det er vel mange nok som gjerne kunne tenkt seg det. Tenkt seg å vera tilstades der Jesus er med sin inderlege omsorg både for kropp og sjel.
No, i vår tidsalder, er det dette det blir undervist om. Me ser Jesus, der han sender apostlane av garde to og to for å gjera godt: Forkynne og drive ut onde ånder.
Me ser Jesus, der han møter att apostlane og er interessert i å få høyre kva som har skjedd. No er denne jobben gjort, no skal dei ha ei tid for seg sjølve. Ver med meg til ein aude plass der me kan vera aleine, - og kvil dykk litt!
Tenk det! Tenk det seier Jesus til disiplane sine. Dei skal ikkje stå på som ein annan hauststorm.
Har me høyrt Jesus seie det same til oss? Kom og ver med meg på ein aude plass der me kan vera åleine og du kan kvile deg? Retreatbevegelsen har teke Jesus på ordet. Rundt om i landet finst det gjestehus der me kan tinge oss plass og koma nettopp for å vera i lag med Jesus eit langt nok stykke borte ifrå planar og telefonar, facebook og husarbeid.
Der går det an å koble seg på att til desse fine trådane som går mellom Frelsaren og oss, og som me kanskje ikkje har sett oss råd for å bruke på ei stund. Eller må me reise bort for å gjera det? Må me reise langt? Må me reise i det heile teke?
Det går også an å finne jordinga til Jesus og hans inderlege medfølelse og omsorg gjennom noko så enkelt som eit pust. Det er mange slags eremittar som har gjort det før oss:
La Jesus vera namnet som me nevner i det stille når me pustar. Nokon legg fleire ord i andedraga så det blir Jesus Kristus Guds sønn på innpust og Miskunne deg over meg på utpust.
Kor ofte? Kor lenge om gongen? Når livet handlar om å leva under Jesu omsorg og inderlege medfølelse blir det aldri spørsmål om prestasjon. Det blir heller som ei nåde å leva seg lengre inn i vissa om kva det vil seie å vera elska av Jesus.
Og denne bøna kan me leva i både seint og tidleg. Godt er det å vera der, kjenne Jesu ande like tett som pusten og fylle tanke og bevisstheit om kva Jesus har å gjera for oss.
Me skulle nok gjerne teke til oss både av fisk og brød, hadde me vore der det skjedde. På sin måte talar underet der i øydemarka til oss: Jesu gåver blir ikkje mindre av at me tek imot som det blir bydd oss, brukar det og deler det ut vidare og vidare.
Der vart det 12 korger til overs når alle hadde vorte mette. Heldigvis for oss har aldri Jesus og apostlane slutta å dele og meddele slik at me fekk del i dette store og ufatteleg gode:
Ei frelsargjerning som er fullbrakt. I vår generasjon er det vår tur å undervise og fortelja både til oss sjølve og kvarandre.
Det kan vera me byrjar med pusten og tek det derifrå: Jesus Kristus, Guds sønn. Miskunne deg over meg.