rock13_250x166

Nominert til Drømmestipendet

Øyvind Hassel Weiseth (17) frå Halsa og Ruth Amalie Lervik Henden (16) frå Surnadal er blant dei 249 nominerte kandidatane til Drømmestipendet 2010. Totalt skal ein million kroner delast ut på 100 mottakarar over heile landet, og torsdag 3. juni vert det offentleggjort kven som tek imot pengane.

I år er 24 unge talent frå Møre og Romsdal nominert til Drømmestipendet, som Norsk Tipping og Norsk kulturskoleråd står bak. Det er sjuande år på rad at dette stipendet vert delt ut til enkeltpersonar og grupper. I fjor var Batteri frå Surnadal blant dei som fekk 10.000 kroner.

3. juni vert det offentleggjort kven som tek imot pengane. Same dag og i dagane rett etter, vert det lokale utdelingar over heile landet.

Utøvarane som får Drømmestipendet har stor utviklingslyst og talent innan kulturuttrykk som dans, musikk, skapande skriving, sirkus, teater og visuell kunst. For å ta imot stipendet kan mottakar ikkje vere over 20 år, og ikkje vere etablert som kunstnar.

Den 16-årige surnadalingen Ruth Amalie Lervik Henden er nominert i kategorien bildekunst, og skriv i søknaden at ho ønskjer å bruke pengane på eit kunstkurs. Øyvind Hassel Weiseth (i blå skjorte på bildet, i aksjon som vokalist og gitarist i HazelBand) skriv i sin søknad at han håpar å kunne leve av musikken gjennom å stå på scena og å lage eigne plater. Dei andre nominerte frå Nordmøre er:

Aure: Elisabeth Torstuen, musikk. Averøy: Marte Sofie Leithaug, musikk. Eide: Hillevi Halås Eltvik, musikk. Gjemnes: Tormod Kvalvaag, musikk. Kristiansund: Bjørnar Nilsen Øksenvåg, musikk. Sunndal, Henrik Sandbukt, musikk.