Skog-komp 1_350x236

Nominert til Årets bedrift i Møre og Romsdal

Skog-kompaniet AS frå Surnadal er blant dei 14 nominerte til prisen Årets bedrift 2010 i Møre og Romsdal. Fylkesprisen Årets Bedrift vart oppretta i 1991, og blir kvart år delt ut til ei bedrift som på ein eller fleire måtar har merka seg ut. Føremålet med prisen er å motivere og inspirere næringslivsbedrifter i fylket til innsats for samfunnet.

Skog-kompaniet AS er eit skogsentreprenørforetak som mellom anna er spesialistar på skogrydding langs veg, jernbane og i kraftgater. Selskapet, der Kristen Bruset (bildet) er dagleg leiar, driv også med tenester og forvaltningsoppgåver innanfor skogbruk, og produserer skogsflis til biobrensel samt omset tømmer.

I november i fjor vart Skog-kompaniet kåra av Dagens Næringsliv til årets Gaselle-vinnar i Møre og Romsdal.

Dei nominerte til fylkesprisen Årets bedrift 2010 er Skog-kompaniet AS, Vestbase AS, Classic Norway AS, Hustadmarmor AS, Bjørnsund Leirskole, MøreNot AS, Kleven Maritime AS, Sibelco Nordic AS avd. Åheim, Jets AS, Stranda Prolog AS, STX OWSV AS, Marin Teknikk AS, Rolls-Royce Marine og Gjøco AS.

Arbeidet med å gå igjennom og vurdere forslaga er no i gong. Nærings- og miljøutvalet avgjer kva bedrift som vert tildelt utmerkinga 8.mars. Utdelinga av prisen skjer på fylkestinget i april.

Skog-kompaniet AS er medlem av Trollheimsporten. Ønskjer du å delta i Trollheimsporten med di bedrift/næringsverksemd? Klikk her for å bli medlem.