
Nordmarksrunden samla 170
Nær 170 personar gjennomførte søndag Nordmarksrunden på ski 2012. Av dei 28 personane som fullførte i turrennklassen, var det eit trekløver frå Rindal som gjorde det aller kvassast. Først over målstreken var Gjermund Løfald med tida 1.19.35. Andre beste tid i mål hadde Morten Svinsås og tredje raskaste tid hadde Hallvard Løfald. At dette var juniorane sin dag vart understreka av at Ole Sæterbø frå Surnadal kom inn som fjerde beste mann av alle dei som gjekk på tid. Sjå heile resultatlista ved å klikke her.
Dei tre raskaste tidene i mål hadde Gjermund Løfald, Morten Svinsås og Hallvard Løfald, alle Rindals-Troll. Alle foto: Norunn Holten
Nordmarksrunden er likevel ikkje berre beinhard konkurranse: Den er ein flott søndagstur i lett kuppert terreng, ikkje minst under værforhold som på denne søndagen: Mildt og lett skya opphaldsvær. Det har kome litt nysnø dei siste døgna, så det var kanskje ikkje det lettaste føret å smøre for. Somme valde voks og somme gjekk for klister under skiene. Alle kom uansett i mål!
Nordmarksrunden er ei utfordring for både dei som vil konkurrere, og dei som går for trimklassen. Som før er trimklassen klart størst. I år stilte 140 personar i denne klassen. Dette er litt færre enn i fjor. Til gjengjeld kunne arrangørane glede seg over at det samanlikna med fjoråret stilte heile 15 fleire deltakarar i turrennklassen. Det kan ein kalle ein imponerande prosentvis auke!
Eit anna faktum som bør nemnast, er at Nordmarksrunden også er ei utfordring på tvers av aldersklassar. I turrennklassen er det dei vaksne som regjerer, men i trimklassen er det deltakarar frå førskulealder til godt opp i 70-åra. All ære til foreldre og besteforeldre som legg eigne ambisjonar att heime, tek med seg kakao og godt tolmod og gjennomfører løp som dette saman med eigne småtassar i eit tempo som passar dei små. Ei betre oppbygging av eit seinare positivt forhold til ski kan vel knapt finnast!
Eit kvalitetsstempel på dette arrangementet er det også at mange kjem igjen år etter år. Ein kan få bronse-, sølv- eller gullmedalje etter tre, sju og ti år, og i år var det fem som fekk gullmerke.I tillegg fekk fire personar premie for deltaking i 15 år og fire fekk gåvepremie for 20 års deltaking. Ole Johan Kvendbø fekk utmerking for å ha delteke i 25 år, og i tillegg er det fleire som har delteke kvart einaste år løpet har vore arrangert!
Det må også heilt til slutt nemnast at Nordmarksrunden er eit godt eksempel på godt samarbeid innanfor Surnadal i.l. Også i år stod Ski nordisk for arrangementet kring turrennklassen, medan trimgruppa hadde ansvaret for trimmarane. Det er ei løysing som også i år fungerte bra.
Her har startskotet nettopp gått for turrennklassen, og alt frå første stund tek rindalingane styringa.
Over til venstre: Abel Raaen på 5 år var kanskje den yngste deltakaren i rennet, men rapporterte at alt gjekk bra da han saman med mamma Eva Sæterbø kom til saftstasjonen midtvegs.
Over til høgre: Per Jan Betten fekk ein flott 1.plass i klasse 61-65 år. Kanskje skuldast det god trening? Han har delteke i løpet 26 gonger, får vi vita med arrangørane.
Ida og Kristen Mogstad stod omtrent midtvegs og sørga for varm drikke til deltakarane.
Tre blad Brørs som deltok på Nordmarksrunden: Ingelin Brørs Kleven på 7 år gjekk saman med bestemor Kjellaug Brørs i trimklassen og fullførte i fin stil. Bestefar Styrkår Brørs vann turrennklassen for klasse 71 år og eldre. Ingelin går eigentleg for Strindheim, men har såpass sterke røtter i Surnadal at vi måtte få med Surnadal i.l.-skiltet på bildet!
Siri Enge, for tida St Olav BIL, fekk velfortent premie for innsatsen i klasse 46-50 år. Som einaste dame i turrennklasse var ho åleine om å forsvara damenes ære!