tp_leserinnlegg

Nordmøre for «fremtiden»

Eit politisk parti i Surnadal førebur seg på valkamp, og vil gjerne gjere kjent for innbyggarane på Nordmøre at det er framtidsretta. Dei bakoverlente er det jo rikeleg mange av. Så dermed har det bestilt ein stor plakat til å utstyre bilen med, om å trygge framtida.

Men medieselskapet som har laga plakaten, har omforma bodskapen til å «Ta vare på fremtiden».

Ikkje ein gong språkleg synest det lett å unngå bakstrevet – om ein skal ha næringslivet med på laget?


Eivind Hasle