Nordmøre Mållag 100 år
Rindal Heimbygdlag er medlem av Nordmøre Mållag, som i år kan feire sitt 100-årsjubileum. Og det gjer dei under Vårsøghelga i Surnadal, med ein durabel festkveld på det regionale kulturhuset på Skei 1. pinsedag. Arild Hoksnes er hyra inn som festleiar, og elles kjem Jazzå-koret og Per Husby, Jon Eikemo, Alf Ramsøy, Turid Røen Kroknes - og ei rad andre - og underheld.

.png)

