Nordmøringane løftar i flokk
Nordmøringane samarbeider godt - og pedagogisk riktig! Nettverk Nordmøre gjennomførte kursdagar for skule- og barnehagetilsette mandag og tirsdag. I "Nordmørsløftet" blir tilsette frå fleire kommunar samla på tre ulike kursstadar på Nordmøre. 350 tilsette frå Halsa, Rindal, Surnadal, Aure og Tingvoll løfta seg opp i Surnadal før skulestart.
På mandagen kunne 150 barnehagetilsette velje mellom fire kurs: "leiing", "dei yngste barna", "forteljarkunst" og "positiv sjølvkjensle". Dei 200 skuletilsette fekk tre alternativ: "vurdering", "lesing" og "leseutvikling".
Tirsdagen var sett av til 170 av dei som arbeider på skulane og som ville fordjupe seg i "vurdering","læring- og lesestrategiar" og "Når lesing er vanskeleg".
Meir om dette på heimesidene til Surnadal kommune - Foto: Steinar Hasselø - Surnadal kommune:


.png)

