
Nordmørsløftet 2010
Over 400 barnehage – og grunnskuletilsette frå Halsa, Rindal, Tingvoll, Sunndal og Surnadal tok turen til Surnadal Kulturhus i dag for å delta på kompetansehevande kurs i regi av Nettverk Nordmøre.
Kvart år i august arrangerer Nettverk Nordmøre kompetansehevande kurs for barnehage- og grunnskuletilsette på Nordmøre. Kursa går inn i eit etterutdanningsløp gjennom eitt eller fleire år.
I dag fekk Halsa, Rindal, Tingvoll, Sunndal og Surnadal delta på 3 kurs; 

2 kurs for barnehagane, med språkferdigheiter og pedagogikk som tema, samt 1 kurs for grunnskulen, med vurdering som tema. Høgskulen i Volda var bidragsytar i det sistnemnde kurset.
Dei same kursa vart held i Kristiansund i går for samarbeidskommunane Aure, Averøy, Smøla og Kristiansund.
Torill Helgetun (t.v) og Astrid Mogstad Høivik (t.h) i Nettverk Nordmøre var godt nøgde med kursa og oppmøtet.

Godt oppmøte: Over 400 personar tilsette i oppvekstsektoren i Halsa, Rindal, Tingvoll, Sunndal og Surnadal møtte til kurs i Surnadal Kulturhus i dag.
Kva er Nettverk Nordmøre?
Nettverk Nordmøre er eit samarbeidsprosjekt mellom dei 9 kommunane Aure, Averøy, Halsa, Kristiansund, Rindal, Smøla, Sunndal, Surnadal og Tingvoll, kor kommunal og regional barnehage- og skuleutvikling står i sentrum.

.png)

