Norges beste turrute
Svinvikrunden står sterkt i konkurransen om å bli kåra til «Norges beste turrute,» ei kåring i regi av Gjensidigestiftelsen!
Svinvikrunden i Todalen er ei av sju turruter i Møre og Romsdal og mellom dei 100 finalistane i kåringa av «Norges beste turrute.»
Dei fire siste åra har Gjensidigestiftelsen og fylkeskommuner over heile landet investert 100 millionar kroner og merka 40.000 kilometer turstigar i nærområdet der folk bur. Møre og Romsdal har sju ruter av de 100 finalistene når Norges beste turrute no skal kårast.
I åra 2014 til 2017 er det på landsbasis laga 63.900 unike turskilt og 7300 informasjonstavler, nær 100.000 frivillige arbeidstimar har gått med til å montere skilta, og det er søkt om over 10.300 grunneigarløyve til å skilte og merke turruter over offentleg og privat eigedom.
Den samla distansen med merka ruter tilsvarer avstanden rundt ekvator. Målet har vore å etablere eit lågterskeltilbud, og å gjere det enda enklare for folk å komme seg ut på tur der dei bur.
Du kan vere med og stemme fram Svinvikrunden som den beste turruta ved å gå inn på www.turruta.no. Klikk og søk deg fram til Svinvikrunden eller dei turane du vil stemme fram. Det er muleg å stemme fram til 31. august.
Du kan stemme berre ein gong på kvar turrute, men du kan stemme på fleire turruter.
Ps.: Du kan vinne turutstyr til heile familien!
Bilda er frå Svinvikrunden i Surnadal.