
Norges dokumentarv
Norsk kulturråd lanserte før helga ei liste over dokument som er tatt ut til «Norges dokumentarv». Desse dokumenta blir kanskje ein del av UNESCOs Memory of the World-program, eit internasjonalt register over verdifulle dokument. Kulisteinen frå Smøla har vore mykje omtalt, men også arkivet til arkitekten for kommunehuset og gamle "raudskulen" i Rindal er med!
I adressa.no kan vi lese at det private arkivet etter arkitekt Sverre Pedersen er med på lista i "Norges dokumentarv". Pedersen var professor ved NTH fra 1920 til 1954, og ein av Norges leiande byplanleggarar. Han sette sitt preg på mange norske byar, - og Rindalen(!) ved at han var arkitekten bak det gamle kommunehuset, Kommunehus 1 og for Rindal skule, "raudskulen", som no står oppe i Løsetliene.
Sverre Pedersen var gift med Edit Børseth, og far hennar kom frå Rindal. Han var slik i familie med, og nær venn av Even Olsen Børseth. Dei gjekk på teknisk aftenskole i lag i Trondheim. Pedersen var ofte innom Rindal, særleg i samband med gjenoppbygginga av Kristiansund.
Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og i serie!