Julekort Inga Dalsegg

Norges største julekort?

I løpet av dagen (12. desember) vil du kunne vere vitne til det som kanskje er Norges største julekort dersom du tek turen innom Domussenteret på Skei. Nathan Lediard fortel i ei pressemelding at han i eit samarbeid med EB Video kommer til å montere eit julekort på heile 4,5x2,8 meter! Nathan skriv:


Torsdag 12. desember monterer vi det vi trur må vere Noreg sitt største julekort på Domussenteret på Skei i Surnadal! (Googlesøk på Norges største julekort gir ingen treff, så ser ikkje ut som vi har nokon konkurranse her!) Lediard Foto og EB Video står bak dette, julekortet blir 4,5x2,8 meter og dekker ein vegg innendørs i inngangspartiet.


Motivet er årets julekort frå kunstneren Inga Dalsegg (foto nedanfor), som Nathan Lediard har fotografert på oppdrag for henne. EB Video har trykka opp dette julekortet som fototapet, slik at det skal tapetserast på veggen.


Vi tykkjer det er veldig spennande å få lov til å bruke denne veggen på denne måten, vi håper mange tek seg tid til å ta ein titt på dette gigantiske julekortet no i førjulsstria, og at dette vil skape god julestemning!


Samtidig får EB Video vist fram sine flotte fototapeter, og Lediard Foto vist fram eit av sine julekortfoto - det er lov å tenkje utradisjonelt også når ein tar foto til julekort!


Inga Dalsegg sa naturlegvis ja da vi spurte om vi fekk lov til å bruke julekortet hennar til dette, - hun synes dette var ein morosam og spennande ide, - og det er jo ikkje kvar dag ein får vere modell på eit julekort på 4,5x2,8 meter!!

Julekort Inga Dalsegg.jpg