Surnadal kommunevåpen 200x246

Ny bank, og nytt kontonummer

Frå 1.1.12 blir Sparebank 1 SMN den nye banken til Surnadal kommune. I samband med dette blir kommunens nye kontonummer 4202.38.40000.

Det har kome fram i pressa at kommunen tener mellom 1,2 og 1,5 millionar på denne avtalen. Det er viktig å merke seg at dette ikkje er uttrykk for avstanden i tilbodet mellom Sparebank 1 SMN og dagens hovudbank, Surnadal sparebank. Det å halde konkurransen bankane i mellom er hovudårsaken til gevinsten. Både Surnadal sparebank, Sparebank 1 SMN og Fokus bank ga oss tilbod med gode og konkurransedyktige vilkår, langt utover det vi har i dagens avtaler. I tillegg kjem at den nye avtalen vil gjere det gunstig med endringar i måten vi gjennomfører eigne låneopptak på. I praksis betyr det at vi har fleire kroner som skal plasserast i bank gjennom året. Samla vil dette gi oss ein gevinst opp mot 1,5 mill i året. Vi ser fram til eit godt samarbeid med den nye hovudbanken vår. Det skriv Surnadal kommune på si heimeside.