Picasa

Ny kyrkjemusikk i Stangvik kyrkje

Det var ny, spennande musikk som vart presentert for dei som hadde valgt seg ut kyrkjekonserten som si konsertoppleving frå Vårsøgmenyen pinsedag. Improvisasjon på orgel og gitar i samspel er ikkje vanleg å oppleve. Dette er ingen ny sjanger, men rett og slett musikk, sa Henning Sommero!

Stiklestadspelet og Trøndelag teaters Hildegunn Eggen deltok i konserten med verbale innslag, frå indisk til norsk litteraturs kjemper som Bjørnson og Ibsen. Det var noko varmt og vårleg over heile konserten. Orgelet høgt oppe sendte tonare sine utover oss og møtte mjuke gitartonar frå kordøra. Avstandskjærleik. Spørsmål og svar i spennande harmoniar. Instrumenta følte seg fram, veksla på med å lede samspelet. Merkeleg, uvant lydbilde, interessant.

Det er eit bra kunststykke å samspele så bra med så pass avstand. Dei hadde ikkje gjort det før. - Og organisten sat med ryggen mot gitaristen! 

Du kan høre dei frå Ila kirke her, der begge er oppe på orgelgalleriet. 

Som avslutning på den heilstøypte forestillinga med våren og livet i sentrum i tekst og tonar, framførte Hildegunn Eggen og musikarane dei første versa av Eivind Skeies salme "Vi skal se deg, Herre Jesus, i din herlighet en gang", før heile forsamlinga fekk vere med på siste verset! 

Du kan høre meir frå Martin Høgberg her på MySpace og begge musikarane her!

 

Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som bildeserie!

1-2012-05-27
1-IMGP7025
Hildegunn Eggen
1-IMGP7026
1-IMGP7031
1-IMGP7042
Thomas Torstrup ved orgelet i Stangvik kyrkje
1-IMGP7037
Thomas Torstrup kom ned frå orgelgalleriet og tok imot hyllesten frå publikum i lag med dei to andre.
1-IMGP7039
Henning Sommero var fornøgd med innsatsen til eleven sin, Thomas.