ny lagerhall ingr

Ny lagerhall på veg opp ved Talgø MøreTre

Talgø MøreTre held på å sette opp ein ny lagerhall ved anlegget i Industrivegen. – Målsettinga er kortare leveringstider, og betre utnytting av produksjonskapasiteten, seier avdelingsleiar for salg og service, Lars Lillegård.

Naboar, kundar og forbipasserande ved Talgø MøreTre sitt anlegg i Industrivegen har nok lagt merke til at eit nytt bygg er under oppføring. 

Bygget det er snakk om, er ein plasthall på 40 gonger 84 meter, med vegghøgde på seks meter.

Arbeidet med å sette opp hallen starta førre veke, og allereie no kan ein sjå konturane av resultatet.

– Hallen skal innreiast med reolsystem, og skal innehalde ferdige varer av dei artiklane vi sel mest av, seier avdelingsleiar Lillegård.

Og artiklane Talgø MøreTre sel mest av, er hovudsakeleg ferdig kokt MøreRoyal.

På grunn av stor variasjon i dimensjonar og artiklar, er lagerføring av alle varetypar bortimot umuleg, grunna omfang både i volum og oppbinding av kapital. 

Difor har Talgø MøreTre tidlegare nesten utelukkande hatt ubehandla trevarer på lager, men den nye hallen gjer at bedrifta no får mulegheita til å koke opp lagervarer av dei typane MøreRoyal dei sel aller mest av.

– Her skal det plukkast ordrar av ferdig farga MøreRoyal®, seier ein fornøgd Lillegård, og fortsett: 

– Dette tiltaket er sett i verk for å nå ei målsetting om kortare leveringstider, og om å utnytte produksjonskapasiteten betre på sikt.

ny lagerhall.jpg
Førre veke starta arbeidet med å sette opp ny lagerhall ved Talgø MøreTre, og slik såg det ut laurdag. Her skal det lagrast ferdig kokt MøreRoyal.

Begge foto: Talgø MøreTre.


Talgø er medlem av Trollheimsporten.