
Ny Laksefestival-komité på plass
Etter ti år som sentral i oppbygginga av Norsk Laksefestival i Surnadal, har Ragnar Halle (bildet) no gitt seg som leiar for hovudkomiteen. Ny leiar er Kristin Nyhagen, som også har fått med seg fleire andre nye medlemmer i komiteen.

Dei som fortsett i styret i Norsk Laksefestival er Ragna Marie Mauset (leiar av underkomiteen for fiskekonkurransen), Trygve Roaldset (teknisk komité) samt Magnar Holten frå Profero AS (dagleg leiar/sekretær).
Nye i styret - i tillegg til Kristin Nyhagen - er Britt Brauten (handelskomiteen), Bjørn Fjelnset (marknadskomiteen), Ole Petter Talgø (webredaktør) samt Olav Heggset og Janne Husby som har eit felles ansvar for underhaldningkomiteen.
- Laksefestivalen har etablert seg som ein populær og litt annsleis festival, og det har blitt gjort nokre grep dei siste åra for å fornye konseptet. Fleire slike grep kan godt kome, slik at vi stadig er i utvikling, seier Magnar Holten til Driva si papirutgåve.

.png)

