
"Sjå ette lys"
Ny lokal CD
Lørdag ettermiddag var det plateslepp i Surnadal kulturhus. Kolbjørn Botten har sett musikk til dikt av mellom anna Margrete Seter og Jørgen Gravvold. Plata er innspela i Storstuå og Rockerommet i kulturhuset med Rune Dalager som tekniker, og den er produsert av Jostein Ansnes
![]() |
![]() |
Dei andre tekstforfattarane er Jan-Erik Larsen frå Kristiansund og Oddbjørn Nikolaisen frå Vega/Gildeskål.
På CD-en har Botten med seg musikarane Erlend Smalås, Pål Tore Holten, Jostein Ansnes og Per Holten.
På konserten fekk vi mange smakebitar frå plata i ein enklare verjon med gitar og bass, men likevel med eit fyldig lybilde. Bassisten Einar Ola Selnes er ikkje med på plata. Han er halvt rindaling med mor frå Bolme.
Plata er miksa i Øra Studio i Trondheim av Jo Ranheim og Jostein Ansnes. Mange lokale næringslivsaktørar har støtta utgjevinga økonomisk.
Denne helga var det sleppkonsertar fleire plassar på Nordmøre.
Plata er dedisert til minne om Margrete Seter.