
NY ORDNING I BRUK
Gudstenesta i Åsskard kyrkje søndag kveld kl. 19.30 tek i bruk den nye liturgien som kyrkjelyden no har vedteke.
Dette inneber ikkje veldig store endringar frå det folk kjenner, men nok til at soknerrådet oppmodar folk om å koma til kyrkja for å oppleve korleis gudstenestene vil bli i tida som kjem.
Dette inneber ikkje veldig store endringar frå det folk kjenner, men nok til at soknerrådet oppmodar folk om å koma til kyrkja for å oppleve korleis gudstenestene vil bli i tida som kjem.
- Vi har hatt i tankane at folk flest skal kjenne seg att i gudstenesta og at ingen skal oppleve at "dørstokken" har vorte høgare. Tvert imot har vi bevisst teke vare på liturgiske ledd vi veit at folk er glade i. Samtidig opnar den nye "Lokale grunnordning for hovudgudstenesta" for engasjement og høve til meir deltaking for den som ønskjer det, seier Åsskard sokneråd.
Søndag kveld deltek vikarprest Nils Heie og ei lita korgruppe. Etter gudstenesta er det som vanleg enkel servering i den triveleg Kyrkjestua. Kveldens takkoffer går til Institutt for Kristen Oppseding (IKO) - som m.a. lagar fxine barnebøker og materiell til trusopplæringa.