Karin Åsbø_350x270

Ny salssjef på plass på Vårsøg Hotell

Karin Åsbø (25) starta 1. mars som ny salssjef på Vårsøg Hotell. - Eg trivst med sal og marknadsføring. Da tilbodet kom om ei så bra og spennande stilling, måtte eg berre seie ja, fortel surnadalingen som no flyttar tilbake til heimbygda etter å ha budd og studert i Trondheim.

Den nye salssjefen på Vårsøg Hotell har bachelorgrad i marknadsføring, og var ferdig med utdanninga i fjor. Foreløpig bur ho i Trondheim, men kjem til å flytte til Surnadal saman med sambuaren Nils Håvar Øyås, som dei siste par åra har vore leiar i Norges Bygdeungdomslag.

Karin Åsbø er også aktiv innan Bygdeungdomslaget, og er mellom anna leiar for hovudkomiteen for det store Haustarrangementet som skal arrangerast i Surnadal i oktober.

- Eg likar at ting skjer. Her i Srnadal er det mykje aktivitet for den som vil, og Surnadal BU vart nyleg premiert for å ha blitt det største BU-laget i Norge.

Karin sine arbeidsoppgåver som salssjef vil mellom anna gå ut på å få bygdafolket til å oppsøkje dei ulike arrangementa, og å få gjestar frå andre delar av Midt-Norge og resten av landet til Vårsøg Hotell og Surnadal.

- Det er sjølvsagt at fordel at Karin kjenner Surnadal frå før, seier hotelldirektør Bergsvein Brøske, og legg til:

- Men like viktig er det at ho har lyst til å lykkast. Det er slike personar vi vil ha, og som skal vere med på det som blir ganske så avgjerande år for hotellet no i 2011 og 2012. Vi skal selje og levere, vi skal lykkast i lag, og heile hotellstaben er ein del av dette. Produktet skal samsvare med det vi lovar, og Vårsøg Hotell skal automatisk bli rekna med når til dømes næringslivet i Trondheim vuderer kvar dei skal ha konferansar.