Ny Stikk Ut!-sesong
Første mai startar årets Stikk UT!-sesong, og nedanfor ser du alle turane i Surnadal kommune. Det trykte Stikk UT!-kartet blir sendt til alle husstandar i løpet av veke 17. Om du ikkje får det i posten, kan du hente det på servicekontoret i kommunen.
Årets Stikk UT!-turar
Nytt av året er det at alle Stikk UT!-turane i Møre og Romsdal blir presenterte på same kart og i same nettløysing. Det inneber at turglade små og store kan velje mellom 381 turar i 30 kommunar i fylket.
I Surnadal blir det to nye turmål i år: Torviksetra og Bjøråskaret. Sula og Storhaugen i Todalen går ut som turmål.
For meir informasjon om Stikk UT! og oversikt over alle turmål i fylket, gå til stikkut.no.
Vær merksam på at mange turar ikkje opnar til 1.mai på grunn av snø. Sjekk turbeskrivelsen for når turen opnar før du legg ut på tur.
Turar i Surnadal:
Bjøråskaret raud
Bølia raud
Kallset, Bøfjorden grøn
Kleiva, Skei grøn
Kristiansvarden på Skarfjellet raud
Liabekken om setervegen blå
Roparen (frå Alpinsenteret) grøn
Solemssetra blå
Storsetra blå
Svinvikrunden grøn
Syltnebba blå
Torviksetra blå
Nokre av turane står oppgjevne med angitt trase. Det inneber at det er den vegen som er skilta som Stikk UT!-tur. Ein kan gå til turmålet frå det startpunktet ein vil, og får sjølvsagt «godkjent» turen uansett kvar ein startar frå. Det er til dømes veldig mange alternative ruter til Syltnebba. Ruta i beskrivelsen kan brukast av folk som ikkje er kjent i området og som er avhengig av skilting.
Foto over: Setervollen på Torviksetra. Foto: Norunn Holten
Utsikt frå Bjøråskaret. Foto Norunn Holten