Picasa

Ny vår i november

Helgemessesundag bèr med seg sitt av vemod og sakn etter dei som sette gode far etter seg. Men dagen bèr og håp som det var ny vår på gang. Mindre handlar det ikkje om når Johannes ser lengre enn oss og får med seg både ny himmel og ny jord i synene sine. Preika i Rindalskyrkja sundag ligg ved. Preiketeksta fylgjer under.

Ei tid var eldsteguten min glad i å fortelja ein munter historie. Det var ein skuleelev som snubla ned kjellartroppa. Han var uvøren med kva han sa, så det glapp vel nokre gloser som det var lite gagn i. Læraren hans høyrde det, og iretteset tydeleg nok: Bruker du slike ord, kjem du ikkje til himmelen.

Guten er snartenkt nok til å kvittere med at det ikkje var dit han hadde tenkt seg. Han skulle i kjeldaren.

Kva med oss – kvar har me tenkt oss? Allehelgensdag driv oss til å tenkja over livet – og døden. Me har mista og tapt menneske som stod oss nær. Me har kjent på sorg og avmakt. Me har hatt døden innpå livet. Me står att.
Nokon fòr før oss. Me veit så lite om kva som skjer på den andre sida av døden. Men noko kan me vita:

Jesus går med oss den biten ingen andre kan fylgja oss. Han går med oss når me er som mest sårbare og åleine, redde og forlatt.

Det skjedde noko med oss då me vart døypte til å vera Guds barn. Det skjedde noko med Lovise og Solvår i dåpen. Det skjer stadig, dette me ikkje forstår: Det gamle livet blir drukna i eit døypefat. Den nye fødsel skjer ved same stund. Og frelsa er vår – uansett kor mykje me trur at me forstår eller forstår at me trur.

Igrunn var det lite avhengig av kva me fekk til og presterte. Livet har lært oss at me er sårbare og såra, svekka og veike. Han har så rett, poeten frå Gamaltestamentleg tid som skreiv at mennesket er som graset på marka. Like lite som ekrane har meir å gje denne hausten, har me meir å koma med når hausten vår er til endes.

Kva skal me med meir når me får alt? Den nye våren kjem av seg sjølv. Det nye livet lever i Kristus – og det lever i oss. Med liv i død og ljos over grav.

Eg las ein stad eit spørsmål om kva som var viktigaste eigenskap for ein maratonløpar. For dei fleste av oss vil nok svaret vera evna til å springe fort. For dei som måtte besitte større visdom, blir svaret ansleis. Kva skal me vel med evne til å springe fort om me ikkje veit kvar me skal?

Jesus har gått til far sin og ber oss bruke han som veg. Mange gjekk før oss og vart førebilete og helgnar. Må Jesus hjelpe oss så me finn fram og finn heim.

Ære være Faderen og Sonen og den Heilage Ande som var og er og vera skal ein sann Gud frå æve og til æve. Amen.

Preiketeksta frå Johannes Openberring 1,9-11 og 21,1-5:
Jeg, Johannes, som er deres bror og sammen med dere har del i trengslene og riket og utholdenheten i Jesus, jeg var på øya Patmos. Dit var jeg kommet på grunn av Guds ord og vitnesbyrdet om Jesus.
På Herrens dag kom Ånden over meg, og jeg hørte en røst bak meg, mektig som en basun. Røsten sa: «Det du får se, skal du skrive i en bok og sende til de sju menighetene: til Efesos, Smyrna, Pergamon, Tyatira, Sardes, Filadelfia og Laodikea.»
Og jeg så en ny himmel og en ny jord. For den første himmel og den første jord var borte, og havet fantes ikke mer.
Og jeg så den hellige byen, det nye Jerusalem, stige ned fra himmelen, fra Gud, gjort i stand og pyntet som en brud for sin brudgom.
Og jeg hørte fra tronen en høy røst som sa: «Se, Guds bolig er hos menneskene.
Han skal bo hos dem,
og de skal være hans folk,
og Gud selv skal være hos dem.
Han skal være deres Gud.
Han skal tørke bort hver tåre fra deres øyne, og døden skal ikke være mer, heller ikke sorg eller skrik eller smerte. For det som en gang var, er borte.»

Han som sitter på tronen, sa: «Se, jeg gjør alle ting nye.» Og han la til: «Skriv det ned, for dette er troverdige og sanne ord.»