Nydeleg konsert med Dina Misund
Konserten opna várt med tittelmelodien Listen frå debut-CDen med same namn, høveleg preludium.
Vi fekk sjølvsagt høre This World, som er den som er mykje spelt på P1. Denne gripande songen skreiv ho alt som 12-åring. Ho deltok i Ungdommens Kulturmønstring og kom heilt til landsfinalen!
Dina likar seg godt på landsbygda, og ho har spela i El-Co-kjellaren (no 3 venner) for eit par år sidan. Denne miniturnéen går også på landet til Rindal, Sokndal og Lønset i Oppdal, for å avslutte i Ilen kirke i byen.
Låten I know er tilnærma countryprega. Da ho laga den, fann ho ut at ho eigentleg lika country også.
Jo Sverre Sande slutta seg til og deltok på to nummer, Somebody that I used to know av den belgisk-australske songar og songskrivaren Gotye, og Dum-Dum-boys' Stjernesludd. Den siste framførte Jo Sverre sterkt på sin måte med koring av Dina.
Nummeret Let me down vart først skriven på norsk, men ho følte at countrypreget først kom fram da ho skreiv den om til engelsk. Så fekk vi høre When he is gone frå den heilt nye singelen, og låten Stay - »Hold on to love, that is what I do now...», før dei avslutta med sin versjon av Angel, Dina, piano og koring - vellukka!
Bandet bestod av Knut Inge Solem - tangenter, Michael Bratland - gitarer, banjo, Inge Hanshus – perkusjon og Erik Olaf Solberg – bass og tuba. Så må vi ikkje glømme han som hadde ansvaret for det visuelle, lysmesteren Martin Aasen som verkeleg hadde boltra seg og fargela forestillinga for oss.
Dina og bandet verka godt samspelt og fungerte svært godt i lag. Dei kommuniserte godt med kvarandre gjennom konserten og gav oss ei fin og nær oppleving denne lørdagskvelden. Neste gong Dina Misund kjem til Rindal vil eg tru det kjem fleire enn dei rundt 40 som let seg underhalde denne kvelden.
Klikk på bilda nedafor og sjå dei større og som serie!