Indre Nordmøre Opplæringskontor
Nye fagarbeidarar
21 nye lærlingar har fått fag/svennebrev og kompetansebevis i løpet av 2017 og desse vart feira med festmiddag og heder denne onsdagskvelden på Hammerstuene.
9 av dei 21 nye fagarbeidarane var tilstede på Hammerstuene denne kvelden, saman med faglege leiarar frå bedrifta dei har gått læretida. Indre nordmøre opplæringskontor, ved Marit Drøpping, og Roy Arild Tvedt frå utdanningsavdelinga i fylkeskommunen, overrekte blomster og gratulasjonar for vel utført læretid. Tvedt fortalde dei nyslegne fagarbeidarane viktigheita med god fagkompetanse og at dei skulle væra stolte av at dei no kunne kalla seg for fagarbeidarar.
Foran frå venstre: Håkon Brun Løften, rørleggerfaget (Comfort,Surnadal varme og sanitær) Miriam Kanestrøm, helsearbeiderfaget (Halsa Kommune), Randi Østbø, Barne- og ungdomsarbeiderfaget. (Surnadal Kommune), Lars Martin Kvam, billakkererfaget (Midt-Norge Autolakk AS)
Bak frå venstre: Roy Arlid Tvedt frå fylkeskommunen, Arne Stene, tømrerfaget (Møretre AS) Anders Skei, rørleggerfaget (Comfort,Surnadal varme og sanitær), Jørgen Stenberg, sveisefaget (Sveen Mek. AS), Silje Katrine Ranes, helsearbeiderfaget (Surnadal kommune) Karstein Mauset, rørleggerfaget.
Her finn du Indre Nordmøre Opplæringskontor på Facebook.