Vangsgutane 2015

"Vangsgutane" og "Ingeniør Knut Berg"

Nye julehefte

I år kjem juleheftet "Vangsgutane" ut med ei nyskriven krimforteljing og to klassikarar. "Ingeniør Knut Berg" er eit opptrykk av det originale heftet frå 1945. Her er det òg med eit nytt og spanande tillegg.


Vangsgutane 2015 kjem med ei nyskriven kriminalforteljing av Nils Nordberg. I eit avstengt rom på garden Breiset spøkjer det. Det syner seg at skrømtet er ei jente med asiatisk utsjånad. Det kjem òg to ukjende karar til bygda...

I dei to klassiske forteljingane møter Vangsgutane ein gamal kjenning, Posttjuven, i Trondheim. Og Kåre Vangen møter munken som går att i Nidarosdomen.


Ingeniør Knut Berg 2015 er eit opptrykk av originalen frå 1945, med eit nytt av året, spanande tillegg. Professor dr.med. Ole Didrik Lærum har skrive om farbror og namnebror, professor siv.ing. Ole Didrik Lærum. Tittelen er Ingeniøren og eventyret. Denne forteljinga frå det verkelege livet er like spanande som noka sience-ficion-forteljing.

 

Omtalen er frå ei pressemelding frå Fonna forlag, som gjev ut desse julehefta.