
Nye Øye barnehage opna!
Ordførar Mons Otnes klipper snora og opnar barnehagen -sjølvsagt med ei barnehagesaks! Han får hjelp av to gutar med å halde snora. Alle foto: Norunn Holten
Det var ei samansett forsamling som feira opninga av nybarnehagen tysdag. Brukarane blir ofte gløymte ved slike anledningar, men på denne opningsseremonien var ungane med. Det skulle berre mangle! Utan dei hadde det jo ikkje vore bruk for nokon barnehage. Alle frå tre år og oppover fekk med seg ordførarkjede, snorklipping, overrekking av gåver og det meste av alt som høyrer med til ein opningsseremoni.
Det var ordførar Mons Otnes som opna seremonien med høgtidleg snorklipping. To av gutane ved barnehagen stilte sporty opp som snorhaldarar, og snora vart sjølvsagt klipt med ei tradisjonell, raud barnehagesaks! Deretter kom ein annan av gutane inn i lokalet på ein trøtraktor- ei av gåvene den nye barnehagen får frå Surnadal kommune i samband med opninga. I tillegg overrekte også ordføraren eit måleri av Bjarne Stenberg til styrar Kenneth Bergstad.
Etter at ordføraren formelt hadde opna barnehagen, fortalte styrar Kenneth Bergstad om byggeprosessen og nybygget, og både store og små følgde interesserte med. Bergstad sette til slutt på ein film som viste korleis Langbein bygger hus- ein film som nok ikkje ville blitt vist utan den yngste delen av publikum til stades, men som vart godt motteke også blant dei vaksne. Etter dette bars det ut til dei ulike avdelingane med ungane, slik at dei vaksne kunne ta til med den meir «kjedelege» delen av programmet.
I tillegg til barna, barnehagestyrar og tilsette ved barnehagen, var også andre som har vore involvert i byggeprosjektet til stades: representantar frå Surnadal kommune som byggherre, oppvekstsjef og representantar frå entreprenørar og byggekomite.
Det vart mange godord å høyre etter kvart som fleire tok ordet. Mellom anna takka teknisk sjef ved Surnadal kommune, Inge Skogheim, entreprenørane for det arbeidet dei hadde lagt ned. Han takka også barnehagen for smidigheit under byggeprosessen, og skrytte av styrar Kenneth Bergstad som han spøkefullt meinte hadde vore meir som ein byggeleiar gjennom prosjektet. Talarane beskreiv ein byggeprosess prega av godt samarbeid og eit arbeid som har glidd godt.
Barnehagen vart av fleire skildra som eit praktbygg som har oppfylt dei intensjonane og målsettingane ein hadde sett seg i utgangspunktet. Mellom anna framheva fleire den gode akustikken i bygget. – Her går det an å snakke, og at fleire snakkar samtidig utan at det skrell i øyro, sa ordførar Mons Otnes, men klar adresse til gammelbarnehagen. Den nye barnehagen gir også anledning til å dele barna inn i mindre grupper, samtidig som det er muleg med samarbeid mellom avdelingane. Dette er ressurssparande, og ungane blir kjente på tvers av avdelingane. Godt samarbeid alt frå starten av mellom arkitekt og brukarar har også gjort den nye barnehagen til eit ytterst funksjonelt bygg. Vi sluttar oss til dei mange gratulasjonane og ønskjer Øye barnehage til lykke med nybygget!
Klikk på bileta for å sjå dei større eller i serie!



