Nye og eldre konfirmantar

Denne søndagen var det konfirmantane som stod i sentrum under gudstenesta i Rindal kirke. Neste års konfirmantar vart presenterte, og konfirmantane som vart konfirmerte for 50 år sidan var heidersgjestar. I tillegg vart den nye kantoren, Johanne Bjørkhaug frå Meldal, presentert for menigheita.

IMGP6402.JPG

Sokneprest Lene Gåsvatn presenterte dei som no skal begynne på undervisningsåret og konfirmersat våren 2019.

IMGP6404.JPG

Dagens klokkar, Kjellaug Foseide, presenterte kantor Johanne Bjørkhaug for menigheita. Johanne nytta høvet til å orientere om planane ho har for arbeidet sitt i Rindal sokn. Trollheimsporten har omtala både barnekorsatsinga og prosjektkoret denne hausten. I tillegg vil ho prøve å få til ei forsanggruppe for gudstenestene.

IMGP6393.JPG

Mange av 50-årskonfirmantane hadde mykje å snakke med kvarandre, og somme stod i grupper alt før dei kom inn i kirka, og summinga heldt fram etter at dei satte seg. Praten kom sikkert til å gå lenge utover ettermiddagen på menighetshuset der vat vanka både middag og kaffe!

IMGP6412.JPG
Etter gudstenesta stilte 50-årsjubilantane opp i kordøra for fotografering.
Her ser du frå venstre i 1. rekke: Jorid Børset Folden, Grete Sæter, Kari Rindalsholt, Jorunn Løfald, Berit Lomundal.
2. rekke: Karin Stene, Svein Jostein Gåsvatn, Rolf Ole Asphaug, Sigrun Børset.
3. rekke: Ole Kristian Løset, Per Egil Rønning, Gunnar Nergård Løseth, Even Langli, Eyvind Nergård.

Preike i Rindal kyrkje 9/9-18.                                        

Mt 5, 10-12

Salige er de som blir forfulgt for rettferdighets skyld,
for himmelriket er deres.
Ja, salige er dere når de for min skyld håner og forfølger dere, lyver og snakker ondt om dere på alle vis. Gled og fryd dere, for stor er lønnen dere har i himmelen. Slik forfulgte de også profetene før dere.

Kjære alle konfirmantar, - om de er født i 04 eller om de er gullkonfirmantar: Gratulerer med dagen! Gratulerer med jubileet til dykk som går for gull og gratulerer med konfirmasjonstida til dykk som står på startstreken til dykkar eige, spesielle år som del av Rindal menigheit.

Det skal vera mimring over alt som var, det skal vera fest og feiring, og det skal vera forventning og spenning til alt som kjem: Korleis skal det bli, dette her?

Evangelieteksta for i dag kan synast nedslåande eller beint ut sagt upassande. For kva er det Jesus fèr med her?

Salige er de som blir forfulgt for rettferdighets skuld, seier Jesus - - han som veit korleis det skal bli før de vart: Ja, det vart forfylgjing. Når Matteus skriv dette om lag 70 år etter at det var sagt, hadde det allereide skjedd: Peter og Paulus var avretta i Roma i år 64 under keisar Nero sine forfylgjingar av kristne. Var det nokon som sa sivilisert samfunn??

Og kva med den samtida som er vår? Ganske nyleg hevda OSSE, Organisasjonen for Sikkerheit og Samarbeid i Europa at så mange som 10.500 kristne kvart år blir avretta fordi dei er kristne. Kva gale hadde dei gjort? Dei hadde ei tru på Jesus som dei ikkje ville fornekte, gå bort ifrå, slutte med.

I tillegg kjem alle som blir offentleg – eller privat – trakassert, mobba, rana, utsett for diskriminering, latterleggjort osv osv fordi dei er kristne.

Det skjer nok hjå oss også, vil eg tru. Mange let seg styre av ein meir eller mindre rasjonell frykt for folkesnakket: Kva vil folk seia om eg går til kyrkja, - eg hadde nær sagt utan god nok grunn? Så held dei seg unna gudstenestene dei eigentleg hadde så lyst til å delta i med sitt av gudsord, salmesong og fellesskap.

Og eg er redd det er endå fleire som let folkesnakk-frykten halde dei borte frå nattverdbordet. For kva seier vel folkesnakket om nattverden?

Folkesnakket seier at nattverden er for dei som trur dei er så mykje betre enn anna folk. Men er det sant, dette? Er ikkje nattverden heller for folk som ser sin eigen begrensning? For folk som veit at dei treng hjelp frå krefter utanfor seg sjølv? For folk som treng Jesus og treng tilgivelse?

Kven kan gå til nattverd? Spørsmålet var stilt til ein konfirmant. Og svaret er både teologisk og logisk haldbart så det held: Nattverden er for alle som vil ha med Jesus å gjera. Så la folkesnakk-frykta seile sin eigen sjø og kom!

Og me må gjerne koma til nattverd og ta med oss ein takk for at me ikkje risikerer livet – og ei bøn for alle kristne som gjer nettopp det.

Salige er dei som blir forfulgt for rettferdigheits skuld, seier Jesus. Kvifor? Jau, fordi Himmelriket er deira. Salige er de når dei for mi skuld gjer alskens gale imot dykk, for stor er lønna de har i himmelen.

Me kan merke oss korleis Jesus får vridd alt som kan synast håplaust vanskeleg til å bli noko positivt: Det skal bli betre! Himmelriket har de allereie. Og stor er løna de har i himmelen.

Tek ikkje Jesus munnen for full her?

For oss som kjenner historia frå vårt perspektiv, veit me at nei, det gjer han ikkje. Og han visste det nok sjølv: Jesus kan snakke slik fordi han sjølv går inn og bèr all forfølgelse og trakassering på ein eigen kropp – like til dødsriket – like til oss – i lag med oss.

For Jesus er det ikkje snakk om å leggja på folk hardare bører enn han tek sjølv. Han tek sjølv hardaste børa. Og han bèr endå til oss gjennom alt me måtte ha av utfordringar, frykt og prøvelsar.

You`ll never go alone. Hymna frå 1945 handlar om håp og tru og det å aldri gje opp i mørke stunder. Og ho er god, - om ein så finn henne i salmeboka eller om ein syng den frå tribuna når Liverpool spelar kamp.

You`ll never go alone. Dette er også saligheitas ansikt.