Nye og eldre konfirmanter i Rindalskjerka

Denne søndagen var konfirmantane æresgjestar i Rindal kirke. Både dei nyinnskrivne konfirmantane og dei som var konfirmerte for 50 år sidan var inviterte. Nedafor kan du lese preika og sjå bilde frå gudstenesta.

Gullkonfirmantar 2016a_690x457.jpg
50-årsjubilantane er, 1. rekke frå venstre: Liv Olise Holje, f. Skjei, Aud Jorid Sommerschild, f. Fredriksli, Solveig Margrethe Hasvold, f. Brun, Ingrid Rognskog, f. Bjørnstad, Marit Lilleløkken. 2. rekke: Eldbjørg Marit Sæter Aurdal, Magda Kirkholt, Morten Ivar Nergård, Leif Peder Halgunset, Toril Rehaug, f. Langli, Olga Pauline Løfaldli. 3. rekke: Reidar Løset, Kjell Olav Tiset, Inge Bolme, Terje Grønli, Birger Rindøyen, Dagfinn Halgunset, Erik Halvorsen.

Lene Prest 28.08_690x457.jpg
Preiketekst frå Joh. 15,9-12

Som Far har elsket meg, har jeg elsket dere. Bli i min kjærlighet! Hvis dere holder mine bud, blir dere i min kjærlighet, slik jeg har holdt min Fars bud og blir i hans kjærlighet. Dette har jeg sagt dere for at min glede kan være i dere og deres glede kan bli fullkommen. Og dette er mitt bud: Dere skal elske hverandre som jeg har elsket dere.

Det var like etter skulestart, eldstemann hjå oss kom heim og hadde lært ei ny regle. Den går slik:

Hei, eg heiter Ottar. Har kjering, fire ungar og eg jobbar på ein kremfabrikk.
Ein dag kom sjefen bort til meg og sa: Ottar! Er du opptatt?
Eg sa nei. Kan du vispe denne kremen med di høgre hand? 

Osv. Osv. til borna ikkje hadde meir dei kunne bruke på vispinga.

 

Denne regla er ikkje berre morosam med at stadig meir av kroppen kjem i bruk. Den seier oss også noko om korleis me presenterer oss: Eg heiter Ottar. Eg har kjering. Eg har fire ungar. Eg har arbeid på ein kremfabrikk.

Eg ser det ikkje aldeles usannsynleg at 50-års-konfirmantane kjem til å presentere seg ca slik overfor kvarandre når dei får samla seg på Menighetshuset. 

-  Kva har du drive med sidan sist?

-  Vart det så du gifta deg?

-  Har de born og gjerne barnebarn òg?

Nokon kan vera stolte av kva dei har fått til, mens andre er noko meir beskjedne. Akkurat slik er det for konfirmantar i alle aldrar: Me er ulike som type. Nokon tek større plass enn andre – og det er ikkje berre negativt.

Både konfirmantar av 2017 og konfirmantar av 1966 har ein ting til felles: De har eit liv i Herren. Gullkonfirmantane har levd dette livet i ca gjennomsnittleg 65 år, mens konfirmantane av 2017 har levd dette livet i ca gjennomsnittleg 15 år.

 

For oss alle vart det så me fekk ein ekstra livs-betingelse i dåpen: Me vart døypte til å vera Guds born, - i namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Dåpen i vatn skulle vera ein dåp til Jesu død for oss. Og når me var ferdig døypte, skulle livet vårt vera eit liv i Jesu oppstandelse.

-  Det kan så vera, men eg merkar neimen ikkje mykje til det?! Eg skal tru fleire av dykk tenkjer slik. Dåpen var dåpen og livet er kva eg har gjort det til med alt mitt av kjering, fire ungar og ei jobbing på ein kremfabrikk.

-  Men var det ikkje meir? Det var meir så langt augo og vit kunne sjå og forstå: Me har fått eit liv i Jesus Kristus.

For oss som helst reknar i forteneste og tap, blir det gjerne så me spør oss kva utbytte me kunne ha av å vera oss bevisst liv i Jesus Kristus. Kva har eg å vinne på det – og kva har eg å tape?

Me kan ta for oss dette med tapet – enn sei det verste! - fyrst: Helde me Jesu bod, så blir me i Jesu kjærleik. Det skal ikkje så mykje spekulering til før me forstår at dette er nytteslaust. Halde Jesu bod, liksom?

Kva er det verste for oss: At me treng hjelp eller at me får hjelp? Det å halde Herrens bod treng me hjelp med. Uansett kor snille eller bekjedne eller lite plasskrevjande me er, så fell dette vanskeleg.

Kva er så det nest verste for oss? Er det at me får hjelp?? Av og til lurer eg på kvifor det er slik? Er det altså så flaut både overfor vår eiga sjølvrespekt og respekten me vil at anna folk skal ha til oss – at me held oss unna det som frå gamalt av var gode møteplassar mellom Jesus og folk, mellom Jesus og menigheita?

Me treng hjelp. Og den hjelpa me treng, den får me. Er det slik livsbetingelsane våre fungerer, får me så mykje meir enn me treng. Me får så mykje meir enn me hadde skjønt at me trengte. Me får så mykje meir enn me forstår.

Men noko er til å forstå – noko er så enkelt at sjølv dei minste og dummaste kan skjøne det, - kanskje spesielt dei, - eller var det oss:

Me er elska like til det evige livet, like til himmels. Når livet vårt fyrst har fått denne kursen med utganspunkt i tre nevar døypevatn, kvifor skal me då ikkje leva i alt me fekk, alt me får, alt me kjem til å få:

Bli i min kjærligheit, seier Jesus. Verre var det ikkje. Og likar` blir det neppe.

Konfirmantar 2017a_690x460.jpg
Konfirmantar våren 2017. To var ikkje tilstades.

Johanne Bjørkhaug ved orgelet_690x457.jpg
Johanne Bjørkhaug frå Meldal vikarierte som kantor. Ho studerer til mastergrad i musikk og gav oss eit flott postludium som ho fekk applaus for.

Tekst/bilde: OleT