
Nye, spennande tonar frå Batteri
Batteri har vore samla i helga for å førebu seg på sleppkonsert i februar. Frå venstre Hans Olav Settem, Stein Boge, Sondre Skogseth, Oddbjørn Sponås og Brage Kristian Einum. Foto: Norunn Holten
Gutane er fornøgde med resultatet som no straks er klart til slepp. Dei fortel at dei har gjort alt sjølve, frå å laga melodi og tekst fram til plata er klar for sal. Da sjølvsagt med unntak av sjølve trykkinga. Dessutan står samarbeid sentralt i det kreative arbeidet til bandet. «Vi utviklar oss som band når alle kjem med innspel gjennom heile prosessen» seier Oddbjørn Sponås i Batteri.
Berre ein av gutane har for tida fast tilhald i Surnadal. Resten av gjengen har hamna i Kristiansund, Trondheim og Bergen. Det er derfor ikkje lenger så lett for bandet å kunne samlast til felles øvingar. Sleppkonsertane i Surnadal og på Sunndalsøra nærmar seg no med stormskritt, så i helga var bandet samla til to fulle dagar med øving på rockerommet på Kulturhuset. Etter dette skal dei ikkje treffast før slepphelga.
Trollheimsporten tok ein prat med bandet for å prøve å få nyss i kva vi har i vente, men kom ut igjen mest like nysgjerrig som før, om ikkje meir…
Etter andreplassen i Melodi Grand Prix junior i 2008, er MGP naturleg nok blitt eit stempel det er vanskeleg å fri seg ifrå. «Melodi grand prix har gjort mykje for oss, men vi har vakse sidan det», seier dei. No vil dei vise at dei har nye ting å by på, som også passar for andre målgrupper. Musikken på den nye CDen vil derfor ikkje bli så lett å kjenna att, trur dei. Bandet har same namn som før, men har skifta skrivemåte frå engelsk til norsk. Samtidig har dei også skifta frå tekstar på bokmål til nynorsk. «Dette blir verdas første konseptalbum på nynorsk!» lovar dei. Dei har nemleg eit konsept der alle tekstane på plata er ein del av ein større heilskap.
Og som sagt er tekstane til bandet no på nynorsk. «Nynorsk druknar litt i det meir kommersielle bokmålet, men det passar fint til musikkuttrykket vårt. Eit lekkert mål, rett og slett!» seier Sponås.
Bandet lovar og tekstar som er meir vinkla inn mot samfunnet enn tidlegare. Det er ting ein kan kjenne seg igjen i i tekstane, og små «utblåsingar» mot forskjellige ting i samtida. Dette er likevel ikkje radikal samfunnskritikk dei ventar sterke reaksjonar på. Det ønskjer dei heller ikkje, for det ville tatt fokus vekk frå musikken. CDane er i desse dagar på veg til Surnadal frå trykkeriet i Tyskland.
Vil du les meir om Batteri, kan du gå inn på facebooksida deira ved å klikke her. Meir om sleppkonserten finn du ved å klikke her.
Det er elles tett mellom begivenheitene for Batteri for tida. 5. februar spelar dei på John Dee i Oslo i delfinale i Global Battle Of Bands (GBOB), den største verdsomspennande musikkonkurransen for band. Viss Batteri går vidare frå delfinalen på John DEE, er det nasjonal finale 18. mars. Her blir det konkurrert for å koma til den internasjonale finalen i Bucuresti laurdag 2. juni 2012. Bandet ser på slike konkurransar som ein viktig kanal for at musikken deira skal bli kjent for folk, men innrømmer at dei likar betre å dra rundt og spela. Vi ønskjer dei likevel all muleg lykke i GBOB! Les meir om GBOB ved å gå inn her: http://gbob.com/norway.
Kva er dette? Trompet og trekkspel? Vi må nok vente til sleppkonserten for å kunne skjøna dette.......
Det er snart klart for plateslepp for Batteri.