todalen.no:
Nye tankar for Todalen
Måndag kveld var ungdomshuset i Todalen nærast fylt til randen av todalingar som saman skal finne ei løysing på vekst og tilflytting til bygda.
PT-utvalget ved Jostein Bruset og Jo Gjeldnes gjekk igjennom status på folketalet i bygda dei siste tjue åra, og kunne informere om at Todalen sidan 1999 har redusert befolkningstalet med 96, medan Nordvik i same periode har auka med 16. Med ca. 40 nye arbeidsplassar i bygda det siste halvåret skulle ein tru at dette kan vera eit vendepunkt for bygda, skriver todalen.no.
Terje Talgø var invitert til å fortelje om Talgø og planane dei har framover. Med stor omsetning og planer om å auke den ytterlegare, treng bedrifta kvalifisert arbeidskraft.
Dei frammøtte tok ein liten runde rundt borda, noko som resulterte i nye arbeidsgrupper for vidare arbeid for både økt marknadsføring av bygda, og for å kartlegge bustadsmulegheitene.
Sjå fleire bilete og les meir på todalen.no.
Foto: Elinor Bolme/todalen.no