Lilly Gunn Nyheim

Nyheim og Venås valt inn på Fylkestinget

Den siste fintellinga av stemmer til Fylkestingsvalet i Møre og Romsdal er no ferdig, og både Lilly Gunn Nyheim (Ap) og Bernt Venås (Sp) er blant dei som kan juble for fast plass dei neste fire åra. Det er så langt ikkje bekrefta om Ola T. Heggem kjem inn på Fylkestinget i Trøndelag eller ikkje.

Det vart klart etter at Møre og Romsdal fylkeskommune torsdag ettermiddag la ut den endelege oversikta over mandat og representantar til fylkestinget 2019-2023.

Nyheim og Venås stod på 9. plass på henhaldsvis Ap- og Sp-lista til Fylkestingsvalet, og begge partia enda opp med nettopp ni mandat kvar.

Dermed var det knytt stor spenning til kva representantar som kom inn, og torsdag vart det altså bekrefta at begge to er valt inn som faste representantar.

– Eg er veldig glad for at eg kom inn på fast plass, og ønskjer absolutt å bidra så godt eg kan. No når eg sluttar som ordførar har eg og ekstra god tid til å verkeleg satse på fylkespolitikken, slik at har sagt eg skulle, seier Nyheim.

Ho oppmodar folk til å ta kontakt dersom det er saker dei er spesielt opptekne av.

– Som fylkestingsrepresentant er eg eit ombod for heile fylket, så folk må gjerne komme med innspel til meg, det er berre å ta kontakt.

Nyheim fortel at ho gler seg veldig til den komande fireårsperioden, og at ho håpar på fornya tillit i samferdelskomiteen.

MDG fekk inn to representantar, og der er Eli Vullum Kvande (MDG) fjerde vara. Sondre Ormset er 11. vara for Sp, medan Nils Petter Tonning (FrP) er 10. vara for FrP, som fekk inn åtte representantar.

I Trøndelag fekk Sp inn 13 representantar, og Ola T. Heggem stod på 14. plass på lista. Det er så langt ikkje bekrefta kva representantar som får plass på Fylkestinget dei neste fire åra.
 

Fylkestinget i Møre og Romsdal vil ha følgjande fordeling av dei 47 mandata sine dei neste fire åra:

Arbeiderpartiet 9 mandat
Senterpartiet 9 mandat
Fremskrittspartiet 8 mandat
Høyre 7 mandat
Sosialistisk Venstreparti 3 mandat
Kristelig Folkeparti 3 mandat
Nordmørslista 2 mandat
Miljøpartiet De Grønne 2 mandat
Sunnmørslista - Tverrpolitisk liste for Sunnmøre 1 mandat
Venstre 1 mandat
Uavhengig valliste for Sunnmøre 1 mandat
Rødt 1 mandat

Desse representantane kom inn:

Ap: Tove-Lise Torve, Eva Vinje Aurdal, Per Vidar Kjølmoen, Jakob Vorren, Line Hatmosø Hoem, Mellvin Arvid Steinsvoll, Siv Katrin Ulla, Erik Kursetgjerde, Lilly Gunn Nyheim.

Sp: Kristin Marie Sørheim, Geir Inge Lien, Jan Ove Tryggestad, Marit N. Krogsæter, Ingunn Oldervik Golmen, Per Ivar Lied, Tove Henøen, Henrik Stensønes, Bernt Venås.

FrP: Frank Edvard Sve, Geir Asle Stenseth, Anne Marie Fiksdal, Jan Steinar Engeli Johansen, Gunnhild Meringdal, Hans Olav Myklebust, Håkon Lykkebø Strand, Roger Bach. 

H: Torgeir Dahl, Anders Riise, Monica Molvær, Kjersti Andersen, Falk Daniel Øveraas, Heidi Nakken, Bente Bruun.

SV: Yvonne Wold, Kim Thoresen-Vestre, Anders Lindbeck.

KrF: Randi Walderhaug Frisvoll, Harry Valderhaug, Victoria Smenes.

Nordmørslista: Elisabeth Jørgenvåg, Terje Hals.

MDG: Carl Johansen, Joakim Skaar.

Sunnmørslista: Hans Kjetil Knutsen.

V: Pål Farstad.

Uavhengig valliste for Sunnmøre: Bjarne Kvalsvik.

R: Silje Alise Ness.
 

(Arkivfoto: Lilly Gunn Nyheim)